Ordbok er eit register over eit ordforråd, som oftast avgrensa til orda i eit språk, gjerne med opplysningar om uttale, grammatikk, tyding og bruksmåtar. Ei ordbok beskriv språklege fenomen, til skilnad frå eit leksikon eller ein ensyklopedi.
Vi skil mellom einspråklege (monolingvale) og tospråklege (bilingvale) ordbøker, til dømes frå norsk til engelsk. I ei tospråkleg ordbok skil ein mellom utgangs- eller kjeldespråket, det vil seie det språket som oppslagsorda er tekne frå, og målspråket, altså språket som oppslagsorda er omsette til. I til dømes ei fransk–norsk ordbok er kjeldespråket fransk og målspråket norsk.
Vi skil også mellom allmennspråklege og meir spesialiserte ordbøker. Ei ordbok kan avgrensast til ordforrådet hjå ein forfattar (til dømes Holberg- og Ibsen-ordbøkene), visse ordtypar (framandordbok, slangordbok), ord ordna etter lik tyding (synonymordbok), ord med lydsamsvar (rimordbok), ord med tydingsslektskap (begrepsordbok) eller ord frå eit fag eller emneområde (til dømes teknisk eller juridisk ordbok).
Vidare er det skilnad på ordbøker som beskriv språket i notida (synkrone ordbøker) og språket i fortida eller over eit lenger tidsspenn (diakrone ordbøker). Dei store vitskaplege dokumentasjonsordbøkene, til dømes Norsk ordbok, kan kallast diakrone av di dei beskriv språket over eit langt tidsrom. Bokmålsordboka og Nynorskordboka, derimot, beskriv språket slik det er no, og dei er synkrone.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.