(Translated by https://www.hiragana.jp/)
qadi – Store norske leksikon

Maleri fra 1334 viser Abu Zayid som fører sin sak for en qadi.

/Österreichische Nationalbibliothek.

Qadi er ein dommar i ein islamsk sharia-domstol. Tittelen vart brukt frå 600- og 700-talet fram til sharia-domstolane vart erstatta av moderne rettsvesen på 1900-talet.

Faktaboks

Uttale
kˈadi
Etymologi
arabisk qāḍī
Også kjend som

kadi, kadı, kadhi, qazi

Ein qadi måtte ha religiøs lærdom, og vart rekna mellom ulama, dei religiøse lærde i islam. Ein slik rettslærd kunne bli oppnemnt, og avsett, av den som hadde makta i landet, kalifen eller sultanen. Men sultanen hadde ikkje makt over kva lover qadien skulle dømme etter, det hørte inn under religionen og ikkje politikken. Ein qadi hørte til ein av dei islamske lovskulane, og skal dømme etter reglane i denne.

Ein sharia-domstol hadde normalt berre ein dommar, men han kunne ha hjelpesmenn som rettsreferent eller faste rettsvitne. Sharia-retten hadde ikkje påtalemakt, alle sakar – også straffesaker – starta med at ein person reiste sak mot ein annan, etter ei usemje eller med klage om eit brotsverk mot saksøkaren. Retten hadde ikkje advokatar, partane stilte sjøl foran qadien, som da skulle avgjere strid og usemje eller om nødvendig ilegge straff for den som vart funne skuldig. Det gjorde han etter bevisføring som vitnemål og tilståing.

Både qadien og partane kunne søke støtte i utgreiinger av lova (fatwaer) utforma av muftiar, men det var qadien åleine som avgjorde den enkelte saka. Ei avgjerd frå ein qadi kunne normalt ikkje overprøvast av andre, det var ikkje appellrett. I praksis kunne likevel saker få ny vurdering, til dømes om sultanen hadde avsett ein qadi og utnemnt ein ny.

På 1800-talet vart rettsvesenet modernisert i mange muslimske land, og det vart oppretta separate sivil-domstolar som dømte etter vestleg-inspirerte lover. Utover 1900-talet har dei tradisjonelle sharia-domstolane, og med dei qadi-vervet, forsvunne i nesten alle land. Tittelen kan likevel vere i bruk for ein muslimsk dommar i eit modernisert rettsvesen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg