(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Storbritannia – Siste nytt – NRK
Hopp til innhold
En bil brenner mens en politimann ser på.
Foto: Owen Humphreys / AP

Storbritannia

Oppsummert

Nyheter fra Storbritannia.

  • Post-punk bandet English Teacher vant prestisjetung pris

    Det engelske post-punk bandet «English Teacher» vant Storbritannias prestisjetunge Mercury pris for sitt debutalbum «This could be texas» under en seremoni i Londons Abbey Road-studier torsdag, melder nyhetsbyrået AFP.

  • Ein person miste livet då helikopter måtte naudlande i Den engelske kanal

    Den britiske marinen seier at ein person omkom då eit helikopter måtte naudlande i Den engelske kanal under ei øving torsdag, melder Reuters.

    Hendinga skjedde i samband med ei øving på nattflyging.

    Ingen andre blei skadde i hendinga.

    Marinen seier saka kjem til å bli etterforska.

  • Droppar sak mot Weinstein

    Påtalemakta i Storbritannia legg bort ei overgrepssak mot den amerikanske filmmogulen Harvey Weinstein fordi det ikkje er realistisk med ein fellande dom, melder AFP.

    I 2022 gav påtalemakta politiet fullmakt til å tiltale Weinstein for to tilfelle av overgrep, men no har dei bestemt seg for å legge bort saka.

  • Ti skal ha omkomme i kantring i Den engelske kanal

    Ti personar miste livet då ein båt med migrantar kantra i Den engelske kanal tysdag, melder den franske lokalavisa La Voix du Nord.

    Opplysningane blir stadfesta av franske styresmakter, melder AFP.

    Den franske kystvakta melde tidlegare at tilstanden var kritisk for ti personar. over 50 menneske skal vere redda.

    Det er ikkje kjent kor mange som var om bord den kantra båten.

  • Skuffa Harry Potter-fans bua då togavgang ikkje blei annonsert

    Tusenvis av Harry Potter-fans måtte vente forgjeves på det årlege oppropet om togavgangen til Galtvort, melder BBC.

    Dei siste åra har den fiktive avgangen blitt annonsert frå togstasjonen King's Cross i London kva 1. september klokka 11.

    Men søndag blei annonseringa avlyst fordi for mange Potter-fans hadde møtt opp på togstasjonen som blei brukt som kulisse i filmatiseringa av romanserien.

    Warner Bros, som eig filmrettane til bøkene, bad allereie i juli fansen om ikkje å møte opp, og heller sjå annonseringa på YouTube.

    Likevel var det mange som møtte opp for å telje ned avgangstida. Dei byrja å bue då annonseringa aldri kom.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no