(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Hägglunds Bv206 – Wikipedia

Hägglunds Bv206

Versjonen frå 30. april 2011 kl. 10:34 av Fredrasa (diskusjon | bidrag) (Fjerna kategorien «Militære kjøretøy»; La til kategorien «Militære køyretøy» (vha. HotCat))

Hägglunds Bv206 er eit svenskprodusert amfibisk rammestyrt beltedrivi terrengkjøretøy, utvikla på 1980-talet. I 2005 er den i bruk i 35 land, blant anna av det norske forsvaret, der det erstatta Volvo BM BV202. Forsvaret kallar det BV-206 (altså med bindestrek), og brukar det i hovudsak som personellkjøretøy for motorisert infanteri. Den blir også bruka i fleire versjonar som til dømes bombekastar, sambandsberar og ambulanse. Forsvaret oppgir prisen på ei vogn til å vera rundt 1,3 millionar og driftskostnadene per kilometer til å vere kroner 63, begge i 1996-kroner [1].

Bv206 i amerikansk teneste, under nammet M973 SUSV (engelsk: Small Unit Support Vehicle)

Vogna består av to separate delar, og er rammestyrt ved at hydrauliske sylindrar verkar på leddet mellom vognene. Det er drift på alle fire belta, som er av stålforsterka gummi. Den ekstra girkassa er utstyrt med lågserie. Bv206 flyt, og kan ta seg over åpent vann med belta som framdrift.

Bv206 på lån til US Marines

Variantar

Namnet på variantane er Hägglunds namn. Dei forskjellige militærvesna der vognene er i bruk kan ha andre nemningar.

  • Bv206 – basisvariant, vanlegvis fem- eller seksylindra turbodieselmotor frå Mercedes eller i enkelte tilfelle sekssylindra (V6) bensinmotor frå Ford.
  • Bv206S – pansra mot splinter, turbodieselmotor.
  • BvS10 – tyngre pansra enn Bv206S.
  • TL-4 – større versjon med Cummins turbodieselmotor og hytte frå Volvo lastebil, mellom anna i bruk av Sysselmannen på Svalbard. Ikkje amfibisk.
  • TL-6 – vidareutvikling av TL-4, bl.a. i bruk av Norsk Polarinstitutt. Ikkje amfibisk.

Bakgrunnsstoff

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hägglunds Bv206

Sjå òg