Bunden rotasjon
Bunden rotasjon tyder at ein himmellekam som går i bane rundt ein annan, roterer slik om sin eigen akse at han heile tida vender same side mot sentrallekamen. Det vil seie at rotasjonstida er lik omlaupstida.
Månen har bunden rotasjon til Jorda. Dei fleste andre månane i solsystemet har au bunden rotasjon på grunn av tidevasskrefter, og hos nære dobbeltstjerner synest bunden rotasjon å vere det normale for begge komponentane.
Sjå au
endreKjelder
endre- Bunden rotasjon. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015 frå https://snl.no/bunden_rotasjon.