(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Naturleg satellitt – Wikipedia

Naturleg satellitt

Naturlege satellittar er himmellekamar som går i bane kring andre større himmellekamar. Månar er ein type naturlege satellittar. Det er minst 140 månar i solsystemet, og truleg mange andre i bane rundt planetar i andre solsystem. Det typiske er at dei store gasskjempene har mange månar. Merkur og Venus har ingen månar, jorda har éin stor og Mars har to små.

Dei største månane i solsystemet samanlikna med jorda og månen vår

Utspring

endre

Ein meiner at dei fleste månane blei danna i det kollapsande området i den protoplanetariske skiva som var grunnlaget til planeten månen høyrer til. Men det er mange kjente og moglege unntak og variasjonar i denne standardmodellen. Fleire månar er mest sannsynleg innfanga asteroidar, andre kan vera fragment av større månar sprengt ved kollisjonar. Månen til jorda har igjen eit anna opphav, ein del av planeten vår blei sprengt vekk ved ein kjempekollisjon med ein annan himmellekam. Så lenge dei fleste månane berre er kjent frå enkelte observasjonar frå romsondar eller teleskop er dei fleste opphavsteoriane enda usikre.

Månane i solsystemet

endre

Dei største månane i solsystemet (dei over 3 000 km i diameter) er (frå sola og utover) den eine til jorda: Månen, dei galileiske månane til Jupiter: Io, Europa, Ganymede, og Callisto, saturnmånen Titan, og neptunmånen Triton. For mindre månar, sjekk tabellen under kvar planet.

Her er ein samanliknande tabell som klassifiserer alle kjende månar etter diameter. Han inkluderer au nokre andre objekt å bite merke i, enkelte asteriodar, planetar og kuiperbelteobjekt.

Diameter (km) Jorda Mars Jupiter Saturn Uranus Neptun Pluto Andre objekt
5000-6000

Ganymede Titan



4000-5000

Callisto



Merkur
3000-4000 Månen
Io

Europa






2000-3000




Triton
2003 UB313
Pluto
1000-2000



Rhea

Iapetus
Dione
Tethys

Titania
Oberon
Umbriel
Ariel



90377 Sedna

90482 Orcus
50000 Quaoar
20000 Varuna

28978 Ixion
100-1000

Himalia

Amalthea

Enceladus

Mimas
Hyperion
Phoebe
Janus
Epimetheus
Prometheus

Miranda

Sycorax
Puck
Portia

Proteus

Nereid
Larissa
Galatea
Despina


Charon
Ceres

2 Pallas
3 Juno
4 Vesta
(og mange andre)

50-100

Thebe

Elara
Pasiphaë

Pandora Caliban

Juliet
Belinda
Cressida
Rosalind
Desdemona
Bianca

Thalassa

Naiad
S/2002 N 4


(For mange til å liste opp)
10-50
Phobos

Deimos

Carme

Metis
Sinope
Lysithea
Ananke
Leda
Adrastea

Siarnaq

Atlas
Helene
Albiorix
Telesto
Pan
Paaliaq
Calypso
Ymir
Kiviuq
Tarvos
Ijiraq

Ophelia

Cordelia
Setebos
Prospero
Stephano
S/1986 U 10
S/2001 U 2
S/2001 U 3
S/2003 U 3
Trinculo
S/2003 U 1
S/2003 U 2

S/2002 N 1

S/2002 N 2
S/2002 N 3
S/2003 N 1


(For mange til å liste opp)
mindre enn 10 Cruithne¹
Callirrhoe

Themisto
Praxidike
Megaclite
Kalyke
Iocaste
Taygete
Harpalyke
S/2000 J 11
Thyone
S/2003 J 6
Hermippe
Autonoe
S/2003 J 7
S/2003 J 5
S/2003 J 1
Chaldene
Isonoe
Erinome
S/2003 J 20
Euanthe
Eurydome
S/2002 J 1
Aitne
S/2003 J 8
S/2003 J 3
Euporie
S/2003 J 21
S/2003 J 18
S/2003 J 22
Orthosie
S/2003 J 16
S/2003 J 15
S/2003 J 17
S/2003 J 11
S/2003 J 19
Pasithee
Kale
S/2003 J 4
Sponde
S/2003 J 13
S/2003 J 23
S/2003 J 10
S/2003 J 14
S/2003 J 2
S/2003 J 12
S/2003 J 9

Erriapo

Narvi
Skathi
Mundilfari
Suttungr
Thrymr
Pallene (S/2004 S 2)
Methone (S/2004 S 1)




(For mange til å liste opp)

¹ Det er omdiskutert om Cruithne kan teljast som ein verkeleg måne, men han er med i tabellen for samanlikninga sin del.

I tillegg til planetmånane er det også kjent at det finst over tretti asteroidemånar, asteroidar som går i bane rundt andre asteroidar.

  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.