Hals
- Denne artikkelen handlar om kroppsdelen. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hals (fleirtyding).
Halsen er den kroppsdelen som bind saman kroppen og hovudet hjå dei fleste virveldyr. «Hals» blir òg brukt i overført tyding om noko langt og smalt, til dømes båthals, flaskehals, lårhals.
Anatomi
endreI halsen sit strupen og skjoldbruskkjertelen, medan luftrøyret, matrøyret, ryggraden, blodårer, nerver og musklar går gjennom han.
Kultur
endreHalsen blir ofte brukt til å henga smykke rundt, eller han kan dekkast til med ein krage.
Det burmesiske padaungfolket er kjende for å «forlenga» halsen hjå kvinner ved å dekka han med tunge massingringar]]. Det er ikkje eigentleg halsen som blir lengre, men ribbeina som blir klemde ned.
Lang hals
endreNokre dyr er kjende for å ha lange halsar, til dømes sjiraffar og vadefugl.