(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Moses – Wikipedia

Moses (latin Moyses, gjennom gresk frå hebraisk) eller Moshé (hebraisk משֶׁה [mo:'še]), Mousa eller Musa (arabisk موسىٰ ['mūsā]), er ein av dei viktigaste personane både i jødedommen, kristendommen og islam. Han er framstilt som ein hebraisk frigjerar, leiar, lovgjevar, profet og historikar, rekna som frigjeraren til israelittane frå trældomen i Egypt og som leiaren deira den tida dei var i ørkenen.

Moses

FøddGosen, Helwan
DødNebo
TittelDommerne i Israel, profet
Opptrer iPrinsen av Egypt, De ti bud, De ti bud, The Ten Commandments, The Ten Commandments, History of the World, Part I, Exodus: Gods and Kings, Det var en gang et menneske, Go Down Moses, The Tables of the Law, Koranen, Andre Mosebok, Tredje Mosebok, Fjerde Mosebok, Femte Mosebok, Ol' Man Adam an' His Chillun, The Green Pastures, The Green Pastures, Mojžíš, Mosè in Egitto, Mojžíšův rozsudek, Moses, Moses und Aron, Moses, Moses, Moses, The Moon of Israel, Moses und Aron, Moses und Josua, The Life of Moses, Extract from Captain Stormfield's Visit to Heaven, In the Beginning, Exodus, The Finding of Moses, Os Dez Mandamentos, Les Dix Commandements, The Ten Commandments: The Musical, The Manga Bible: From Genesis to Revelation, De Mantel der Liefde, Moses the Lawgiver, Moses the Lawgiver, Moses, Man of the Mountain, Pillar of Fire, The Promised Land, La Terre Promise, La Terre promise, Assumption of Moses, Himmelfahrt des Moses, Israel in Egypt, Die Israeliten in der Wüste, Moïse et Pharaon
Identifisert medMūsā, Moses in rabbinic literature, Dhul-Qarnayn
Landingen verdi
MorJokebed
FarAmram
EktefelleSippora, Tharbis
BarnGersjom, Elieser
Moses av den spanske målaren José de Ribera.

Bibelen og dei bibelske tolkingstradisjonane seier at Moses levde ca. 1200 f.Kr., og livet og verket hans blir skildra frå 2. til 5. mosebok.

Moses
med hieroglyfar
<
F31S29S29
>

Moses i Bibelen

endre

Moses er ein av dei viktigaste personane i Bibelen, siden han mottok instruksar om israelittanes religion og den lova som blei kjend som Moselova. Ifølge den hebraiske bibel og Det gamle testamentet var Moses den som leia israelittane ut av fangenskapet i Egypt, og mottok Dei ti bod frå Gud på Sinaifjellet. Han fekk også openberra israelittanes religiøse lovar og seremoniar. Toraen inneheld livshistoria til Moses og hans folk inntil hans død, 120 år gammal.

Moses utvikla doktrinen om monoteisme, som ikkje var vanleg på den tida. Dette blei nedskrive som det første bodet. Han blir rekna som profet i alle dei tre monoteistiske verdsreligionane — jødedom, kristendom og islam.

Moses var son av Amram og kona hans Jochebed. To eldre sysken blir nemnt i skriftene; systera Miriam og Aron. Moses blei fødd på ei tid der den regjerande egyptiske faraoen hadde kommandert at alle guteborn som blei fødd av ein israelitt i egyptisk fangenskap skulle druknast i Nilen. For å berga sonen la mor til Moses hans i ei korg av sivstrå som ho lét drive nedover Nilen. Da dottera åt farao var ute og bada, fekk ho sjå korga med den litle guten i og tok han til seg. Moses voks så opp ved faraos hoff. Som ung mann så han ein dag korleis ein av faraos soldatar mishandla ein israelittisk arbeidar, og Moses blei sint og slo soldaten i hel. Han fekk hjelp til å skjule liket, men måtte etter dette flykte ut i ørkenen og leve i skjul der.

I Andre mosebok talte Gud til Moses gjennom ein brennande busk og bad han gå til farao for å be han frigjera folket hans. Då Moses svara at han var både «tungmælt og seinmælt»,[1] bad Gud han ta med seg broren Aron. Moses var 80 og Aron 83 år då dei snakka med farao.[2] Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la folket fara, varsla Moses og Aron han om ti plager som Gud ville senda over landet viss dei ikkje fekk dra. Enno ville ikkje farao la folket dra, men då den tiande plaga var komen og alle dei fyrstefødde borna samt alle dei fyrstefødde dyra til egyptarane var blitt drepne, sa farao til Moses og Aron at dei fekk reisa. Etter dette brukte israelsfolket 40 år i øydemarka før dei kom inn i det lova landet, Kana'an. Aron vart utnemnd til øvsteprest i denne perioden.

Korkje Aron eller Moses fekk koma inn i det lova landet sjølve. I Fjerde mosebok klaga folket til dei fordi dei ikkje har vatn, og Gud seier til Moses: «Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn.»[3] I staden sa Moses til folket: «Høyr no, de stridnakkar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma fram åt dykk frå dette berget?»[4] Gud lèt det likevel strøyma fram vatn, men lèt ikkje Moses og Aron koma inn i landet fordi dei ville ta æra for vass-underet sjølvet og ikkje lét israelittane sjå kor heilag Gud var.[5]

Øvstepresten Aron døydde kort tid etter dette.[6] Døden til Moses er skildra i Femte mosebok, der Gud leier han opp på Nebo-fjellet i det som i dag er Jordan. Herifrå får han sjå innover det lova landet, men han får ikkje koma inn i det sjølv. Ifylgje Femte mosebok var Moses 120 år då han døydde,[7] og Josva Nunsson vart utnemnd til ny leiar for Israelsfolket etter han.[8]

Kjelder

endre

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Moses
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.