Resirkulering
Resirkulering eller attvinning er å bruke matriale frå boss og avfall som råstoff til å produsere nye varer. Ved å bruke resirkulering hindrar ein avfallet frå å hope seg opp på bossplassar eller å verte brent. På den måten kan ein redusere utvinning av råvarer frå naturen. Materiale som ofte vert resirkulert er mellom anna glas, papir, stål, aluminium, tekstilar og plast.
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/44/Recycle001.svg/220px-Recycle001.svg.png)