(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Arr – Wikipedia Hopp til innhald

Arr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 9. desember 2008 kl. 15:20 av Bep (diskusjon | bidrag) (vokst > vekst)
To arr etter ein skade.

Arr er merke etter sår som er lega på skinnet eller ei anna organisk overflate. Arrdanning er ein naturleg del av legingsprossessen av eit sår.

Vevet i arr har ein annan utsjånad enn området rundt, og andre eigenskapar, som at det er mindre elastisk, svakare og manglar hårvekst. Arret kan også heva seg litt over området rundt. Det er bindevev, eller reparasjonsvev, laga av ein annan celletype enn til dømes hud, som lagar arra.

Arr har vore brukt som kroppspynt, laga i rituale av til dømes maoriar og fleire folk frå Vest-Afrika og New Guinea, eller i duellar i Europa på 1800-talet. Ein har også brukt arr for å merka slavar og kriminelle.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.