Kokk
Utsjånad
Kokk (om kvinner òg kokke) er ein person som har til yrke, eller som har som fagutdanning, å lage mat.
Kokkar kan lage alt frå hurtigmat til gourmetmat på serveringsstader eller restaurantar. Ein institusjonskokk arbeider i institusjonskjøkken, til dømes innan helse- og sosialsektoren, skolevesenet, fengselsvesenet, forsvaret m.v.
Kokkeutdanning
[endre | endre wikiteksten]I Noreg utdannar ein seg til kokk ved å gå Vg1 «Restaurant- og matfag» og sidan Vg2 «Kokk- og servitørfag». Vg1 (Vidaregående kurs I) kokkfag omfattar emne som menylære, råstofflære, hygiene, spesial-kostlære, sal, service og språk. For å oppnå fagbrev eller sveinebrev, må ein avleggje forskriftsmessig prøve i faget.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Etternamn som Cook (engelsk) og Koch (tysk) er avleidde frå kokkeyrket.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Mittyrke.no Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
- Læreplan VGO kokkgfag Arkivert 2007-02-09 ved Wayback Machine.