Armavir i Russland
Armavir Армавир | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Krasnodar kraj | ||||
Grunnlagd | 1839 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
280 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
190 000 678,6 /km² | ||||
Koordinatar | 45°00′0″N 41°07′0″E / 45.00000°N 41.11667°E | ||||
Høgd over havet | 190 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 352900–352947 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)86137 | ||||
Nettstad: www.armawir.ru/ |
Armavir (russisk: Армави́р) er ein by i Krasnodar kraj i Russland. Han ligg ved elva Kuban, rundt 170 km aust for Krasnodar. Han har om lag 190 000 innbyggjarar.
Busetnaden vart grunnlagd i 1839 av tsjerkesogai-armenarar under namnet Armjanskij aul (russisk: Армя́нский ау́л). Namnet vart endra til Armavir i 1848 etter den gamle hovudstaden i Armenia, og han fekk bystatus i 1914. Under den russiske borgarkrigen i 1918–1920 fann det stad mange brutale kampar ved byen. Det militære felttoget til Taman-armeen slutta i Armavir i 1918. Sovjetisk autoritet vart oppretta i Armavir i mars 1920. Under andre verdskrigen var byen okkupert av den tyske armeen, og han vart frigjort i januar 1943.
Armavir er senter for eit fruktbart jordbruksområde, og innan næringslivet i byen er næringsmiddelindustrien framherskande. Det finst òg verksemder innan maskinbygging.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Armavir i Russland» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2008.