(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Brindisi – Wikipedia Hopp til innhald

Brindisi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brindisi
by
Gate i Brindisi
Land  Italia
Region Puglia
Provins Brindisi
Del av Provinsen Brindisi
Areal 332,98 km²
Folketal 82 694  (1. januar 2023)
Borgarmeister Domenico Mennitti
Postnummer 72100
Retningsnummer 0831
Kart
Brindisi
40°38′18″N 17°56′45″E / 40.638333333333°N 17.945833333333°E / 40.638333333333; 17.945833333333
Wikimedia Commons: Brindisi

Brindisi er ein hamneby i Italia. Han er hovudstad i provinsen Brindisi i regionen Puglia og har om lag 85 000 innbyggjarar.

Det finst fleire segner om korleis Brindisi vart grunnlagd og ein av dei hevdar at han vart grunnlagd av den legendariske helten Diomedes.

Brindisi var truleg ein illyrisk busetnad fram til romarane tok over området. På latin er namnet Brundisium. Som eit messapisk senter var Brindisi i konflikt med Taranto og hadde nære relasjonar til Thurii. I267 fvt. (245 fvt. i følgje enkelte kjelder) vart han erobra av romarane.[1] Etter punarkrigane vart han eit stort senter for marinen til romarane og handel til sjøs. Under forbundsfellekrigen fekk innbyggjarane romersk borgarrettar og han vart ei frihamn under Sulla. Han vart derimot omleira av Cæsar i 49 fvt. (Bell. Civ. i.) og vart igjen angripen i 42 og 40 fvt.

Diktaren Pacuvius vart fødd her rundt 220 fvt., og den kjende diktaren Vergil døydde her i 19 fvt. Under romarane var Brundisium ein storby i dei dagar med om lag 100 000 innbyggjarar. Han var ein aktiv hamneby og ein av dei viktigaste utfartsstadane til Hellas og Austen via Dyrrachium eller Korfu. Han var forbunden med Roma gjennom vegane Via Appia og Via Traiana.

Mellomalderen og moderne tider

[endre | endre wikiteksten]

Etter Romarriket sitt fall vart Brindisi erobra av austgotarar og så gjenerobra av Austromarriket på 500-talet. I 674 vart han øydelagd av langobardar leia av Romuald I frå Benevento, men med ei slik flott hamn vart byen raskt bygd opp att. På 800-talet fanst det ein sarasensk busetnad i nærleiken, som vart storma av sjørøvarar i 836. Han kom igjen inn under austromarane og vart då erobra av normannarar i 1070, og seinare ein del av Kongedømet Napoli under forskjellige dynasti. Som dei andre hamnebyane i Puglia kom Brindisi ein kort periode under Republikken Venezia, men vart gjenerobra av Spania.

Ein pest råka byen i 1348, medan jordskjelv gjorde store øydeleggingar i 1456.

Brindisi kom under Austerrike i 1707-1734, og etter dette inn under Huset Bourbon før han vart ein del av Italia. Mellom september 1943 og februar 1944 fungerte byen som mellombels hovudstad i Italia.

Folk frå Brindisi

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Brundisium (Brindisi) Puglia, Italy». Perseus Digital Library. Henta 19. april 2006. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Brindisi