Folen
Folen | |
---|---|
Latinsk namn | Equuleus |
Forkorting | Equ |
Genitivsform | Equulei |
Symbologi | Namngitt av Hippark |
Rektasensjon | 21 h |
Deklinasjon | 10° |
Areal | 72 kvadratgrader nr. 87 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
Ingen |
Sterkaste stjerne | Kitalfa ( |
Meteorsvermar |
Ingen |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +90° og −80° | |
Folen (frå latin Equuleus) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det var eit av dei 48 stjernebileta som vart ført opp av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det er det nest minste av dei moderne stjernebileta (etter Sørkrossen), og dekkjer berre 72 kvadratgrader. Det er òg lyssvakt og har ingen stjerner lysare enn 4. storleiksklasse.
Kjende objekt
[endre | endre wikiteksten]Stjerner
[endre | endre wikiteksten]Den mest lyssterke stjerna i Folen er Alfa Equulei, tradisjonelt kalla Kitalpha. Ho er ei gul stjerne med storleiksklasse 3,9, 186 lysår frå jorda.
Det er nokre få variable stjerner i Folen. Berre kring 25 er kjende, og dei fleste er lyssvake. Gamma Equulei er ei Alfa CVn-stjerne, som varierer mellom storleiksklassane 4.58 og 4.77 over ein periode på kring 12,5 minutt. Ho er ei kvit stjerne 115 lysår frå jorda, og har ein optisk følgjestjerne med storleiksklasse 6,1, 6 Equulei. Dei er synlege i kikkert.[1] R Equulei er ein Mira-variabel som varierer i storleiksklassane 8,0 til 15,7 over nesten 261 dagar.
Folen har nokre interessante dobbeltstjerner.
Djupromsobjekt
[endre | endre wikiteksten]På grunn av den vesle storleiken og avstanden frå planet i Mjølkevegen, har ikkje Folen nokre spesielle djupromsobjekt. Det finst nokre særs lyssvake galaksar mellom storleiksklassar 13 og 15, som NGC 7015, NGC 7040, NGC 7045 og NGC 7046.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Ridpath & Tirion 2001, s. 144-145.
- Denne artikkelen bygger på «Equuleus» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Burnham, Robert (1978). Burnham's Celestial Handbook: An observer's guide to the universe beyond the solsystemet, vol 2. Dover Publications ISBN 0-486-23567-X
- Hoffleit+ (1991) V/50 The Bright Star Catalogue, 5th revised ed, Yale University Observatory, Strasbourg astronomical Data Center Arkivert 2006-10-12 ved Wayback Machine.
- Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2001), Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 0-691-08913-2
- Ian Ridpath & Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4.