(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Pila – Wikipedia Hopp til innhald

Pila

Koordinatar: Sky map 19h 50m 00s, +18° 40′ 00″
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om stjernebilete. For øya i Antarktis, sjå Pila i Antarktis.
Pila
Pila
Pila
Latinsk namn Sagitta
Forkorting Sge
Genitivsform Sagittae
Symbologi Frå grekarane
Rektasensjon 19,8333 h
Deklinasjon 18,66°
Areal 80 kvadratgrader
nr. 86 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne γがんま Sge (3,47. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −70°

Pila (frå latin Sagitta) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Sjølv om Pila er eit stjernebilete som vart namnsett alt i oldtida, har det ingen stjerner som er lysare enn 3. storleiksklasse og har det tredje minste arealet av alle stjernebilete (berre Folen og Sørkrossen er mindre). Det var av dei 48 stjernebileta som vart oppført av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det ligg nord for ekvator og er synleg alle stader på jorda utanom sør for den sørlege polarsirkelen.

Pila ligg innafor Mjølkevegen og grensar til Reven, Herkules, Ørna og Delfinen.

Stjernebiletet Pila slik det er for det nakne auga.

Dei følgjande er lyssterke stjerner i Pila:

Djupromsobjekt

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pila