(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Halifax – Wikipedia Hopp til innhald

Halifax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halifax
by
Offisielt namn: Halifax Regional Municipality
Motto: E Mari Merces ('Frå havet, rikdom')
Kallenamn: The Queen City
Land  Canada
Provins Nova Scotia
Høgd Frå 0 til 145 m
Areal 5 490,90 km²
Folketal 440 072 (2021)[1]
Grunnlagd 1. april 1996
Tidssone AST (UTC-4)
 - Sommartid ADT (UTC-3)
Retningsnummer 902
Kart
Halifax
44°38′52″N 63°34′17″W / 44.647777777778°N 63.571388888889°W / 44.647777777778; -63.571388888889
Wikimedia Commons: Halifax, Nova Scotia

Halifax er provinshovudstad i Nova Scotia i Canada. Folketalet var i 2006 372 679, noko som gjer byen til den 13. mest folkerike i Canada.[2] Den opphavlege byen Halifax vart oppløyst i 1996 då Halifax regionalkommune vart skipa.

Den første europeiske busetjinga i Halifax kom i 1749. Området var opphavleg folkesett av mi'kmaq-folket. Dei kalla området Jipugtug, som betyr den store hamna. I 1917 blei Halifax øydelagt i den største menneskeskapte eksplosjonen før Hiroshima-bomba. Dette skjedde då det franske skipet Mont-Blanc, som var lasta med eksplosiver, kolliderte med det norske skipet Imo, lasta med naudhjelpsutstyr. Mont-Blanc tok fyr i samanstøyten, og lasta eksploderte.

Byen er ein viktig hamneby og baserer økonomien på fiske og import. Under andre verdskrigen var Halifax eit knutepunkt i den allierte konvoitrafikken. I Halifax er det fem universitet: Dalhousie, Saint Mary's, University of King's. College, Mount Saint Vincent, og Nova Scotia College of Art and Design (NSCAD).

Dei fleste omkomne frå skipet Titanic blei gravlagt i Halifax.

Halifax rundt 1920.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Halifax