Hilversum
Hilversum | |||||
---|---|---|---|---|---|
Rådhuset i Hilversum | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Provinsar |
Nederland Noord-Holland | ||||
Borgarmeister | Ernst Bakker | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
46,24 km² 45,59 km² 0,65 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
83 757 1 837/km² | ||||
Koordinatar | 52°23′N 5°18′E / 52.383°N 5.300°E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.hilversum.nl |
Hilversum er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Holland. Han ligg i regionen 't Gooi og er den største byen i området med om lag 85 000 innbyggjarar. Han er omgjeve av lyngheilandskap, skogar, enger, innsjøar og mindre landsbyar. Hilversum er ein del av Randstad, ein av dei største storbyområda i Europa.[2]
Hilversum ligg om lag 30 km søraust for Amsterdam og 25 km nord for Utrecht.
Byen vert ofte kalla «mediabyen» sidan dei største kontora for nasjonal radio og fjernsyn i Nederland ligg her. Radio Nederland, som har vore på kortbølgjeradio over heile verda sidan 1920-åra har basen sin her. I Hilversum ligg òg store kompleks med lyd- og fjernsynsstudio, i tillegg til studio og kontor for alle dei nederlandske rikskringkastingsorganisasjoane og fleire kommersielle TV-selskap.
Hilversum er òg kjend for det arkitektonisk viktige Raadhuis (rådhus) teikna av Willem Dudok (1884-1974).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hilversum» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2008.