Julebrus
Julebrus eller jolebrus er brustypar som tradisjonelt blir selde og drukne i tida rundt jul. Julebrus er stort sett raud eller meir brunleg, men det finst også grøne og gule brusar.
Julebrus i Noreg
[endre | endre wikiteksten]På Sørlandet og på Hamar og i midtre og nordlege delar av Austlandet (Oppland og Hedmark), i Trondheim og sørlege delar av Nord-Noreg, er julebrusen brun og smakar litt som champagnebrus. I sørlege delar av Austlandet og på Vestlandet og i delar av Nord-Noreg er julebrusen stort sett raud og smakar litt som eventyrbrus, som er den vanlegaste raude brusen resten av året.
Julemust
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Julemust.
I svensk tradisjon finst ein tilsvarande leskedrikk som blir drukken ved juletider kalla julmust. Drikken skil seg frå julebrus hovudsakleg ved bruk av maltekstrakt og humle. Ingrediensane kjem av at must historisk blei utvikla som eit alkoholfritt alternativ til øl.
Roma Mineralvannfabrikk i Lillestrøm er den einaste norske produsenten av julemust.
Ulike typar
[endre | endre wikiteksten]- Arendal julebrus (gul-brun)
- Berentsens julebrus
- Borg julebrus (raud)
- Borg gyldne julebrus
- CB julebrus
- Coca-Cola julebrus (raud)
- COOP julebrus (raud)
- E. C. Dahl julebrus
- Grans julebrus (raud)
- Hamar og Lillehammer Julebrus (Ringnes, brun)
- Hansa julebrus
- Lerum julebrus (raud)
- Mack julebrus
- Ringnes julebrus (raud)
- Romas julebrus
- Romas Røde Julebrus
- Romas Røde Julebrus utan tilsett sukker
- Romas Brune Julebrus
- Roma Svensk Julemust (svensk julemust, brun)
- Rudolf og Nissens Julebrus (Oskar Sylte)
- Sørlandets julebrus
- Tom & Jerry-brus (heilårsbrus, raud)
- Trønder julebrus (Grans)
- Union (tidlegare kjend som Trio julebrus - oransje farge)
- Aass julebrus (raud)
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Julebrus» frå Wikipedia på bokmål, den 26. desember 2017.