(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Nøtt – Wikipedia Hopp til innhald

Nøtt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nøtter)
Hasselnøtter

Ei nøtt er ein plantedel som er eitt eller fleire frø i eit skal. Mange nøtter vert nytta i matlaging. Den kulinariske definisjonen av ei nøtt er mykje breiare enn den botaniske.

Botanisk definisjon

[endre | endre wikiteksten]

Ei nøtt innan botanikken er ei enkel turr frukt med eitt frø (stundom to) der ovarieveggen eller delar av han vert veldig hard (steinaktig eller treaktig) ved mogning.

Dei fleste nøtter kjem frå griflar med underutvikla eggstokkar (sjå blomar) og er alle indehiscente (opnar seg ikkje når dei vert mogne). Eigentlege nøtter vert laga av planter i gruppa Fagales.

Merk at ikkje alle eigentlege nøtter kan etast; nokre (til dømes bjørk, or, agnbøk og vengenøtt) er for små til å kunne etast, medan andre (som bruneik) er for bitre til å vere etelege.

Kulinarisk definisjon og bruksområde

[endre | endre wikiteksten]

Ei nøtt innan matlaging er ein mykje mindre restriktiv kategori enn ei nøtt innan botanikken. Omgrepet vert nytta (eller misbrukt avhengig av perspektiv) på mange frø som ikkje er ekte nøtter. Alle oljete kjernar i eit skal og som blir nytta i matlaging kan ein sjå på som ei nøtt.

Då nøtter generelt har eit høgt oljeinnhald, vert dei høgt verdsette som mat og energikjelde. Mange frø kan etast av menneske og vert nytta innan matlaging, enten etne rå, som spire eller rist som ein snack. Dei kan òg pressast for olje som vert nytta i matlaging og kosmetikk.

Kastanjer

Nokre frukter og frø som er nøtter i den kulinariske definisjonen men ikkje innan den botaniske definisjonen:

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Nøtt