Krossvegsandakt
Krossvegsandakt er ei andaktsform som viser tilbake til Jesus sin lidingsveg (Via Dolorosa) før krossfestinga. Ho er særleg kjend frå den katolske kyrkja.
Krossvegsandakta følgjer 14 «stasjonar» knytte til ulike hendingar frå den bibelske påskeforteljinga og overleverte tradisjonar.
Krossvandringa minnar om Jesus sin gang med krossen til krossfestinga. Krossvandringar blir særleg haldne i samband med påsken eller fastetida, særleg på langfredag. Mellom anna blir dei haldne på Via Dolorosa i Jerusalem, rekna som vegen til Golgata. Desse vandringane ender som regel i Gravkyrkja.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Krossvegsandakta byrja med pilegrimsreiser til Jerusalem, der ein kunne vitja dei ulike stadene nemnd i lidingssoga. Opphavleg blei nemninga «stasjonar» brukt om punkt på vegen «Via Sacra» som følgde vegen til krossen. Seinare tok fransiskanarmunkar, som tok over forvaltinga av dei heilage stadene i Jerusalem i 1342, bruken av stasjonar inn i kyrkjene.s På 1400- og 1500-talet bygde fransiskanarane utandørsalter som spegla desse stadene i Jerusalem. Dei avbilda då mellom elleve og tretti stasjonar. Mange stader blei det sett opp krossvegsstasjonar på passande vegar, og det utvikla seg lokale tradisjonar. Krossvegar kunne gå opp til eit fjell, til dømes Sacro Monte di Domodossola (1657) og Sacro Monte di Belmonte (1712) i Italia, som tilhøyrer verdsarvstaden Sacri Monti.
I 1686 godkjende pave Innocens XI bygging av stasjonar inni fransiskanske kyrkjer. I 1731 blei bygging av stasjonar godkjend også i andre kyrkjer, så lenge fransiskanarar reiste dei. Talet på stasjonar blei fastsett til fjorten.
Krossvegsandakten har mellom anna vore viktig innan katolsk frigjeringsteologi, der ein sette lidingane til Jesus i samband med sine eigne. Andakten har også inspirert andre kyrkjer, som reformerte og frikyrkjer. Her har ein ofte lagt vekt på å få ei sterkare bibelsk tilknyting enn den tradisjonelle krossvegen. Krossvandringar kan likna meir eller mindre på krossvegsandakten. Krossvegsstasjonane kan brukast av truande åleine, eller ein kan følgja ein som leiar andakten.
Stasjonane
[endre | endre wikiteksten]I mange kyrkjer er det avbilda fjorten krossvegsstasjonar som framstiller etappene i Jesu veg til Golgata. Ved andakten flytter ein seg mellom desse og ber bønene som høyrer til kvar stasjon. Krossvegsandakter er særleg vanlege i faste- og pasjonstida. Stasjonane er ofte nummererte med romartal.
- 1. stasjon: Jesus blir dømd til døden
- 2. stasjon: Jesus tar krossen på skuldrene
- 3. stasjon: Jesus fell under krossen for første gong
- 4. stasjon: Jesus møter mor si
- 5. stasjon: Simon frå Kyrene hjelper Jesus med å bera krossen
- 6. stasjon: Veronika rekker Jesus svetteduken
- 7. stasjon: Jesus fell under krossen for andre gong
- 8. stasjon: Jesus trøyster kvinnene i Jerusalem
- 9. stasjon: Jesus fell under krossen for tredje gong
- 10. stasjon: Jesus blir avkledd
- 11. stasjon: Jesus blir nagla til krossen
- 12. stasjon: Jesus døyr på krossen
- 13. stasjon: Jesus blir teken ned av krossen og lagt i fanget til mor si
- 14. stasjon: Jesus blir gravlagd
I somme høve blir det teke med ein 15. stasjon, oppstandinga til Jesus.
Alle dei tradisjonelle stasjonane har ikkje belegg i Bibelen. Stasjon 3, 4, 6, 7 og 9 er ikkje spesielt nemnde i lidingssoga (særleg tradisjonen om Veronika er berre kjend frå mellomalderen av), og stasjon 13 er også meir omfattande enn det som står skrive. På langfredag i 1991 gav pave Johannes Paul II ei alternativ samling stasjonar som alle hadde bibelsk grunnlag:
- 1. Jesus i Getsemanehagen
- 2. Jesus blir forråda av Judas og arrestert
- 3. Jesus blir fordømd av Det høge rådet
- 4. Jesus blir fornekta av Peter
- 5. Jesus blir dømd av Pilatus
- 6. Jesus blir piska og gjeven tornekrone
- 7. Jesus tek opp krossen sin
- 8. Jesus får hjelp av Simon til å bera krossen
- 9. Jesus møter kvinnene i Jerusalem
- 10. Jesus blir krossfesta
- 11. Jesus lover riket sitt til den angrande tjuven
- 12. Jesus ber jomfru Maria og Johannes ta vare på kvarandre
- 13. Jesus døyr på krossen
- 14. Jesus blir gravlagd
Biletdøme
[endre | endre wikiteksten]Bileta er henta frå ulike kyrkjer og krossvegar.
-
I: Jesus blir dømd til døden. Montserratfjellet i Catalonia.
-
II: Jesus tar krossen på skuldrene. Frå Venustiano Carranza i Mexico.
-
III: Jesus fell under krossen for første gong. Frå Álvaro Obregón i Mexico.
-
IV: Jesus møter mor si
-
V: Simon frå Kyrene hjelper Jesus med å bera krossen. Frå Granby i Quebec.
-
VI: Veronika rekker Jesus svetteduken. Frå Fessenheim-le-Bas i Alsace.
-
VII: Jesus fell under krossen for andre gong
-
VIII: Jesus trøyster kvinnene i Jerusalem. Frå Knockalla på Irland.
-
IX: Jesus fell under krossen for tredje gong. Frå Salamanca i Mexico.
-
X: Jesus blir avkledd. Skulptur frå Marija Bistrica i Kroatia.
-
XI: Jesus blir nagla til krossen. Måla utskjering frå Kolkata i India.
-
XII: Jesus døyr på krossen. Frå Bad Erlach i Austerrike.
-
XIII: Jesus blir teken ned av krossen og lagt i fanget til mor si
-
XIV: Jesus blir gravlagd. Måleri (1930) av Hans Breinlinger.
-
(XV: Jesus står opp frå dei døde. Frå Gozo på Malta.)
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Margunn Ree Michelsen, Populære påskereiser, www.adressa.no (3 april 2009)
- Gunnar Wicklund-Hansen, Korsveien, Broen nr. 2/2002.
- Denne artikkelen bygger på «Stations of the Cross» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2013.