Martha My Dear
Martha My Dear Song av The Beatles frå albumet The Beatles | ||
Utgjeve | 22. november 1968 | |
Innspelt | 4. oktober 1968 | |
Sjanger | Varieté[1] | |
Lengd | 2:28 | |
Selskap | Apple Records | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
«Martha My Dear» er ein song av The Beatles frå albumet The Beatles (White Album) frå 1968. Han er skriven av Paul McCartney, men på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney. Songen vart spelt inn 4 og 5. oktober 1968.
McCartney har sagt at songen omhandlar musa hans, som i gresk mytologi er dei ni vassnymfene som inspirer menneska til kunstaktivitar, og at stemma i hovudet hans fortalde han kva ord han skulle syngje og kva musikk han skulle spele. Musa til McCartney er altså Martha, men han eigde òg ein sauehund med same namn. Ho skal visstnok ikkje vere tema i denne songen. På eit generelt nivå er likevel songen ein enkel kjærleikssong:
- Martha my dear
- though I spend my days in conversation
- please remember me
- Martha my love don't forget me
- Martha my dear
Songen har eit barokk-inspirert piano som ein kan høyre gjennom heile songen saman med eit messingorkester. «Martha My Dear» er ein typisk song for The Beatles frå denne perioden, modulert musikk, og jamn og glatt gjennom anslaga.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Paul McCartney – solovokal, piano, bass, trommer, elektrisk gitar, klapping, blåsar- og strykearrangement
- George Martin – blåsar- og strykearrangement
- Bernard Miller – fiolin
- Dennis McConnell – fiolin
- Lou Sofier – fiolin
- Les Maddox – fiolin
- Leo Birnbaum – bratsj
- Henry Myerscough – bratsj
- Reginald Kilbey – cello
- Frederick Alexander – cello
- Peter Halling - cello
- Leon Calvert – trompet, flygelhorn
- Stanley Reynolds – trompet
- Ronnie Hughes – trompet
- Tony Tunstall – valthorn
- Ted Barker – trombone
- Alf Reece – tuba
- Personel per Ian MacDonald[2] og Mark Lewisohn[3]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songtektsten Arkivert 2007-05-17 ved Wayback Machine.
- Alan W. Pollacks om «Martha My Dear»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Martha My Dear» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2009.
- Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. ISBN 0-517-57066-1.
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3.
- ↑ Pollack 1995.
- ↑ MacDonald 2005, s. 322.
- ↑ Lewisohn 1988, s. 159.