(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Murmansk oblast – Wikipedia Hopp til innhald

Murmansk oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Murmansk oblast
Мурманская область
oblast
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Nordlege
Del av Den nordvestlige føderasjonskrets
Hovudstad Murmansk
Areal 144 902 km²
Folketal 656 438 (2024)
Språk russisk
Tidssone UTC +3 (MSK)
Bilnummer 51
Kart
Murmansk oblast
68°02′00″N 34°34′00″E / 68.033333333333°N 34.566666666667°E / 68.033333333333; 34.566666666667
Wikimedia Commons: Murmansk Oblast

Murmansk oblast[a] er ein oblast (fylke) i den nordvestre delen av Russland, og eit russisk føderasjonssubjekt. Administrativt senter er Murmansk. Arealet er 144 900 km²,[1] og der innbyggjartalet er 732 864 per 2021.

Geografisk ligg Murmansk oblast nesten utelukkande på Kolahalvøya, og ein del av Sápmi. Murmansk oblast har grense til Republikken Karelia i Russland, Finnmark i Noreg og Lapplands län i Finland.

Murmansk oblast bruker Moskva-tid. Sett frå Sør-Varanger står dei altså opp to timar tidlegare på andre sida av Pasvikelva, mens dei står opp ein time tidlegare rundt Enaresjøen, der elva kjem frå.

Hamna i Murmansk

Det store fleirtalet av folket i Murmansk oblast er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var dei største folkegruppene:[2]

Urfolk og finsk-ugriske folkeslag som budde i området før russarane kom, er no små minoritetar:

I tillegg til dette kjem det at 9,2 % ikkje oppgav etnisitet ved folketeljinga.

Den einaste større byen er Murmansk (307 300 ibuarar).[2]

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Rajonar («kommunar»)

[endre | endre wikiteksten]

Murmansk oblast består av desse kommunane, eller rajonane (russ.: районы):

Lukka område

[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om den kalde krigen er over er det framleis ein del område som er lukka for utlendingar, og også lukka for russiske statsborgarar utan spesiell løyve til å dra dit.

  1. russisk Мурманская область Murmanskaja oblast
  1. «Murmansk – fylke». Store norske leksikon (på norsk). 22. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Murmansk oblast
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.