Severomorsk
Utsjånad
Severomorsk Североморск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Murmansk oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1896 1951 | ||||
Borgarmeister | Vadim Evmenkov[1] | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
60 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
53 700 895 /km² | ||||
Koordinatar | 69°04′00″N 33°24′00″E / 69.06667°N 33.40000°E | ||||
Høgd over havet | 31 moh. | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 18460x | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)81537 | ||||
Nettstad: severomorsk.murman.ru |
Severomorsk (russisk Североморск) er ein by i Murmansk Oblast i Russland, kring 25 km nord for Murmansk ved Murmanskfjorden. Her er den russiske Nordflåten sitt administrative hovudkvarter. Severomorsk har Kolahalvøya sin største tørrdokk. Dette er truleg grunnen til at han er ein lukka by, ein må ha eige løyve for å vitje byen. Dette gjeld òg russarar som ikkje bur der.
Byen vart grunnlagd i 1896 med namnet Vajenga. Tettstaden fekk bystatus i 1951 og fekk samstundes det nye namnet Severomorsk.
Saman med småbyane Rosljakovo, Safonovo, Safonovo-1, Severomorsk-3 og Sjtsjukozero har Severomorsk eit folketal på kring 53.800 innbyggjarar. (2002).
Sør-Varanger kommune er den norske venskapskommunen til Severomorsk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Besøk i Severomorsk. 8. november 2017. vardo.kommune.no
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Severomorsk historie Arkivert 2006-01-08 ved Wayback Machine.
- Satellittbilete frå Google Maps
- Norge holdt tett da hundrevis døde. Om eksplosjon i Severomorsk i 1984, ved NRK.no