Paul Sabatier
Nobelprisen i kjemi
1912
Paul Sabatier (5. november 1854–4. august 1941) var ein fransk kjemikar. Han fekk Nobelprisen i kjemi i 1912 saman med landsmannen Victor Grignard for å ha utvikla ein metode for hydrogenering av organiske sambindingar i samband med metallkatalysatorar. Han oppdaga også Sabatier-prosessen, som er blitt oppkalla etter han.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Paul Sabatier var fødd i Carcassonne sør i Frankrike. Etter skulegang opp til vidaregåande i heimbyen førebudde han seg til opptaksprøvane ved dei parisiske elitehøgskulane École Polytechnique og École Normale Supérieure i Toulouse. Sabatier kom inn ved begge, og valde den siste. Han byrja ved École Normale Supérieure i 1874 og gjekk ut i 1877 med beste resultat i klassen.
Etter eit år som fysikklærar i Nîmes blei han assistent for Marcellin Berthelot ved Collège de France i Paris. Her fekk han doktorgraden i 1880. Han underfviste i fysikk ved Universitetet i Bordeaux fram til 1882, då han fekk ei tilsvarande stilling ved Universitetet i Toulouse. Her blei han verande livet ut, frå 1884 som professor i kjemi. Han fortsette å førelesa fram til han døydde i 1941.
Sabatier var gift med Germaine Herail som han fekk fire døtrer med. Kona døydde i 1898 og han gifta seg aldri opp att. Han skal ha vore ein tilbakehalden mann som likte kunst og hagearbeid.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 1928 blei Sabatier vald til utanlandsk representant av Kungliga Vetenskapsakademien.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Biography ved nobelprize.org