Peder J. Utheim
Peder J. Utheim | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. februar 1841 |
Død |
11. desember 1902 (61 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Peder Jonsson Utheim (21. februar 1841–11. desember 1902) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Kornstad på Nordmøre. John Utheim var bror hans.
Utheim var son av ein gardbrukar i Kornstad. I 1863 gjekk han amtslandbruksskulen. Han tok over farsgarden i 1868 og dreiv denne til han døydde. Vinteren 1870/71 var han elev på ein folkehøgskule i Sel i Oppland, driven av Christopher Bruun og Kristofer Janson.
Utheim var ordførar i Kornstad frå 1898 til han døydde 1902. Han var og direktør for sparebanken i heradet. Elles var han medlem av styret for landbruksskulen i Romsdals amt.
Frå 1892 til 1897 representerte Utheim Romsdals amt på Stortinget. Han var då medlem av jarnbanekomiteen. Perioden 1900-03 var han 1. varamann, møtte i landbrukskomiteen 11.10.1901-26.11.1901 i staden for Nils J. Hestnes.
Utheim døydde 1902 på sjukehuset i Trondheim.
Kjeldee
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914