(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Satengfuglfamilien – Wikipedia Hopp til innhald

Satengfuglfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satengfuglfamilien
Gulldusksatengfugl, Cnemophilus macgregorii
Gulldusksatengfugl, Cnemophilus macgregorii
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Cnemophiliodea
Familie: Satengfuglfamilien Cnemophilidae
Mayr, 1862

Satengfuglfamilien, Cnemophilidae, er ein ny biologisk familie av sporvefuglar med tre artar funne i fjellskog på Ny-Guinea. Dei var opphavleg tenkt å vere ein del av paradisfuglfamilien Paradisaeidae fram til genetisk forsking ymta om at fuglane ikkje er nært knytt til paradisfuglar i det heile og er kanskje nærare til bærfuglar.

Gulldusksatengfugl, Cnemophilus macgregorii,
Litografi av John Gerrard Keuleman, 1891, public domain

Felles for alle tre artar av satengfuglar er at hannar er meir fargerike enn hoer, som er lite iaugefallande. Satengfuglar har svake føter, breie gap, og dessutan manglar dei beinstruktur i det nasale område. Alle artar av satengfuglar byggjer overbygde reir, i motsetnad til paradisfuglane. Hoa legg éitt egg og tek seg av det utan nokon assistanse frå hannfuglen. Satengfuglar lever utelukkande på frukt, sjølv i ung alder.

Cnemophilidae er akseptert av Clementslista[1] og av IOC World Bird List. [2]

Satengfuglfamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Slekt Cnemophilus

Slekt Loboparadisea

  • Gulbrystsatengfugl, Loboparadisea sericea, Yellow-breasted Satinbird, Rothschild, 1896, (NT)
  • Denne artikkelen byggjer på «Cnemophilidae» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2011
    • Cracraft, J. & Feinstein, J. (2000): What is not a bird of paradise? Molecular and morphological evidence places Macgregoria in the Meliphagidae and the Cnemophilinae near the base of the corvoid tree. Proc. R. Soc. B 267: 233-241.
    • Burnie, David (2007): Bird: The Definitive Visual Guide: Page 371. Dorling Kindersley. ISBN 978-0-7566-3153-6

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Om oppretting av Cnemophilidae i oppdateringar til Clementslista desember 2008, under overskrifta Page 582, genera Cnemophilus and Loboparadisea
  2. Gill, F and D Donsker (Eds) (2014). «IOC World Bird Names (version 4.3)». Henta 18. oktober 2014. [daud lenkje]
  3. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)