Slow Train
Slow Train av Bob Dylan frå albumet Slow Train Coming | ||
B-side |
«Do Right to Me Baby (Do Unto Others)» | |
---|---|---|
Utgjeve | Januar 1980 | |
Innspelt | 3. mai 1979 Muscle Shoals Sound Studios | |
Sjanger | Hardrock, bluesrock, kristenrock, gospel | |
Lengd | 6:02 | |
Selskap | Columbia Records | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
Produsent | Jerry Wexler Barry Beckett | |
Bob Dylan-kronologi | ||
«Precious Angel» (1979) |
Slow Train | «Solid Rock» (1980)
|
«Slow Train» er ein song skriven av Bob Dylan som først kom ut i 1979 på albumet hans Slow Train Coming. I USA vart songen gjeven ut som den andre singelen til «Gotta Serve Somebody.» Han vart òg gjeven ut som den første songen frå konsertalbumet til Dylan og Grateful Dead i 1989, Dylan & the Dead.[1][2] Musikkritikarern Paul Williams har kalla han «den einaste songen [på Slow Train Coming] som kan lyttast til om att og om att.» Rolling Stone-skribenten Jann Wenner kalla han «ikkje noko anna enn den mest modne og inngåande songen til Dylan om Amerika.»
Låtskriving og innspeling
[endre | endre wikiteksten]«Slow Train» oppstod tidlegare enn dei fleste andre songane på Slow Train Coming. Han byrja som ein instrumental som Dylan brukte å varme opp med på turneen sin seint i 1978.[3] Ei innspeling av songen med noko tekst finst frå ein lydsjekk den 2. desember 1978 i Nashville, men berre refrenget og eit par linjer frå versa kom med på den endelege innspelinga.[4] Ein studiodemo vart spelt inn i april 1979 og albumversjonen vart spelt inn 3. mai 1979 i Muscle Shoals Sound Studio i Sheffield i Alabama.[4] Dylan hadde tidlegare nytta eit heilag, langsamt tog som symbol i notata i plateomslaget til Highway 61 Revisited i 1965.[4]
Konsertframføringar
[endre | endre wikiteksten]«Slow Train» vart spelt på turneane til Dylan i 1979 og 1980.[5] og igjen i 1987 på turneen hans med Grateful Dead.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Slow Train (Bob Dylan song)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Trager, O. (2004). Keys to the Rain. Billboard Books. s. 565–566. ISBN 0823079740.
- ↑ Erlewine, S.T. «Dylan & the Dead». Allmusic. Henta 2. desember 2018.
- ↑ Shelton, R. (1987). No Direction Home. Da Capo Press. s. 483–484. ISBN 0306807823.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Heylin, C. (2010). Still on the Road. Chicago Review Press. s. 129–130. ISBN 9781556528446.
- ↑ «Slow Train». bobdylan.com. Henta 2. desember 2018.