Super Mario 3D Land
Super Mario 3D Land | |||
| |||
Utviklar(ar) | Nintendo EAD Tokyo | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Produsent(ar) | Yoshiaki Koizumi | ||
Komponist(ar) | Mahito Yokota | ||
Serie | Mario | ||
Plattform(er) | Nintendo 3DS | ||
Utgjeving | JP: 3. november 2011 NA: 13. november 2011 EU: 18. november 2011 | ||
Sjanger | Plattform | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Aldersgrense | PEGI: 3+ CERO: A ESRB: E | ||
Nettstad | http://supermario3dland.nintendo.com, https://www.nintendo.co.jp/3ds/arej/ | ||
Del av serien Super Mario⠀ | |||
←Super Mario Galaxy 2⠀ · New Super Mario Bros. 2→ |
Super Mario 3D Land er eit plattformspel som er utvikla av Nintendo EAD Tokyo og utgjeve av Nintendo til Nintendo 3DS. Spelet vart utgjeve internasjonalt i løpet av november 2011 og var det første spelet i Super Mario-serien som kom ut til Nintendo 3DS. Ein etterfølgjar til spelet, Super Mario 3D World, vart utgjeve til Wii U i 2013.
Super Mario 3D Land og etterfølgjaren skil seg frå andre spel i Mario-serien av di dei kombinerer spelemekanikkar både frå tradisjonelle, todimensjonale Mario-spel og moderne, tredimensjonale Mario-spel i sandkassestil. Spelet introduserer ei rekkje nye element til serien, som nye hjelpemiddel som gir Mario nye tamar. Handlinga i 3D Land er som i tidlegare spel i Super Mario-serien, med fokus på innsatsen til Mario for å redde prinsesse Peach som er vorte kidnappa av Bowser.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nintendo 3DS: Super Mario 3D Land». nintendo.no. Henta 2. juli 2017.
- ↑ «Super Mario 3D Land review». Eurogamer. Henta 2. juli 2017.