Talk
Talk | |||
Krystallar av talk0 | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Silikatmineral | ||
Kjemisk formel | Mg3Si4O10(OH)2 | ||
Strunz-klassifisering | 9.EC.05 | ||
Krystallsymmetri | Anten monoklin 2m eller Triklinsk 1[1] | ||
Einingscelle | a = 5.291 Å, b = 9.173 Å, c = 5.290 Å; a = 5.287 Å, b = 9.158 Å, c = 18.95 Å, | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Light til mørk grøn, brun, kvit,grå | ||
Krystallform | Folieaktig til trådaktige massar, sjeldan plateaktig til pyramideforma krystallar | ||
Krystallsystem | monoklin eller Triklinsk[2] | ||
Kløyv | perfekt på {001} basal kløyv | ||
Brot | Flate flater (ikkje kløyv), brot i ujamnt mønster | ||
Fastleik | Kan skjerast | ||
Mohs hardleiksskala | 1 (definerande mineral) | ||
Glans | Voksliknande eller perleaktig | ||
Strekfarge | Kvit til perlesvart | ||
Transparens | Gjennomskinneleg | ||
Spesifikk vekt | 2.58 til 2.83 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | n n n | ||
Dobbeltbryting | |||
Pleokroisme | Svak i mørke varietetar | ||
Ultrafiolett fluorescens | Kortbølgja UV=oransje gul, langbølgja UV=gul | ||
Kjelder | [1][3][4] |
Talk er eit kvitt eller svakt grønaktig mineral, eit hydroksylhaldig magnesiumsilikat med sjiktgitterstruktur. Det kjennest feitt og er svært bløytt (kan ripast med naglen). Talk vert danna ved omvandling av magnesiumrike bergartar, og utgjer hovudbestanddelen i kleberstein (steatitt) og talkskifer. Det finst dels som flaka massar, dels kompakt. Mineralet krystalliserer monoklint.
Talk har ei rekkje industrielle bruksområde, til dømes som smøremiddel, fyllstoff i papir, plast og gummi, i fargeindustrien og som talkum til kosmetiske føremål.
Den totale årsproduksjonen i Noreg er i underkant av 150 000 tonn. Norwegian Talc A/S har brot ved Altermark nær Mo i Rana og ved Framfjord ved Sognefjorden. Andre førekomstar finst ved Otta, Kvam og Ålesund. Altermark Talk vart oppretta i 1932 og vart nedlagt i 2010.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Talk. (19. august 2013). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/talk.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Handbook of Mineralogi
- ↑ An Introduction til the Rock-Formingmineral, second edition, by W.A. Deer, R.A. Howie, and J. Zussman, 1992, Prentice Hall, ISBN 0-582-30094-0.
- ↑ Talc at Mindat.org
- ↑ Talc at Webmineral