(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Tejime – Wikipedia Hopp til innhald

Tejime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tejime i Japan.

Tejime , også kalla teuchi 手打てう, er ein japansk rituell klappeskikk som blir brukt til å avslutta ulike samkomer. Klappinga finn ofte stad i lag med ein kort tale og entusiastiske utrop frå ein leiar.[1] Ein kan utføra tejime ved slutten av eit forretningsmøte, på auksjonar og børsar, ved ei høgtid eller eit festleg høve.[2] Seremonien kan avsluttast med ein applaus.

Det finst ulike former for tejime, med ulike klappemønster:

  • Itchō-jime (いちちょうめ), eit enkelt klapp
  • Edo-tejime:
  • Ippon-jime (一本いっぽんめ), tre sett av tre raske klapp avslutta med eitt enkelt klapp (3-3-3-1).
  • Sanbon-jime (三本締さんぼんじめ), tre ippon-jime etter kvarandre, det vil seia tre sett av tre klapp avlsutta med eitt enkelt klapp (3-3-3-1 3-3-3-1 3-3-3-1).

Ein seremoni av sanbon-jime føregår slik:

Ote wo haishaku (bokstaveleg 'lån av hendene')
Iyō'o (klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp)
Yo (klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp)
Yo (klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp klapp klapp, klapp)
Arigatō gozaimashita (mange takk)

Ei anna form er Kansai-jime som føregår slik:

  • Uchimahyo (klapp klapp)
  • Mohitotsuse (klapp klapp)
  • Iwaote sando (klapp klapp klapp, klapp, klapp, klapp, klapp, klapp klapp)

Andre former er mellom anna Ōsaka-jime (大阪おおさかめ) og Hakata te ippon (博多はかたしゅ一本いっぽん), som blir utført ved Hakata-Gion Yamakasa-festivalen i Fukuoka.

  1. «Tejima». Nihon Kokugo Daijiten (日本にっぽん国語こくごだい辞典じてん “Large Dictionary of the Japanese Language”) (på japansk). Tokyo: Netto Adobansusha. 2012. Arkivert frå originalen 25. august 2007. Henta 25. februar 2012. 
  2. «Tejime». Puroguresshibu Waei Chūjiten (プログレッシブ和英かずひでちゅう辞典じてん “Progressive Japanese-English Dictionary”) (på japansk). Tokyo: Shogakukan. 2012. Arkivert frå originalen 25. august 2007. Henta 25. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]