Wasn't Born to Follow
Wasn't Born to Follow Singel av The Byrds frå albumet The Notorious Byrd Brothers | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Utgjeve | 26. september 1969 | |
Innspelt | 30. november 1967 | |
Studio | Columbia Studios, Hollywood, CA | |
Sjanger | Countryrock, psykedelisk rock | |
Lengd | 2:04 | |
Selskap | CBS | |
Komponist | Carole King | |
Låtskrivar(ar) | Gerry Goffin, Carole King | |
Produsent | Gary Usher | |
The Byrds-kronologi | ||
«Lay Lady Lay» (1969) |
Wasn't Born to Follow | «Ballad of Easy Rider» (1969)
|
I Wasn't Born to Follow av The City frå albumet Now That Everything's Been Said | ||
Utgjeve | 1969 | |
Innspelt | Februar 1969 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:43 | |
Selskap | Ode Records | |
Komponist | Carole King | |
Låtskrivar(ar) | Gerry Goffin, Carole King | |
---|---|---|
Produsent | Lou Adler |
«Wasn't Born to Follow», òg kalla «I Wasn't Born to Follow», er ein song skriven av Gerry Goffin og Carole King. Goffin skreiv teksten og King komponerte musikken. Songen vart først spelt inn av The Byrds i 1968 på albumet The Notorious Byrd Brothers. Det kortvarige bandet til King, The City, spelte òg inn songen for albumet sitt frå 1968, Now That Everything's Been Said. Han har òg vorte spelt av mange andre artistar, inkludert The Monkees, The Lemon Pipers, Dusty Springfield, og som ei soloinnspeling av King. Byrds-innspelinga vart omtalt i filmen frå 1969, Easy Rider og vart gjeven ut som singel i Storbritannia og Tyskland same år som eit resultat.
Tekst og musikk
[endre | endre wikiteksten]Teksten til «Wasn't Born to Follow» feirar fridommen som hippiar naut på slutten av 1960-talet.[1] Han uttrykker behovet for flukt og sjølvstende.[2] Musikkritikaren Johnny Rogan skildra tekstane som ein «framkalling av landleg fridom og det implisitte ønsket om å flykta frå restriksjonane i det konvensjonelle samfunnet.»[3] Musikkprofessoren James E. Perone skildra songaren som «ein robust individualist i eitt med naturen».[1] Songen bruker ein countryrock- melodi, som Perone ser på som eit autentisk bidrag til countryrock-sjangeren som nettopp starta på slutten av 1960-talet.[1][2]
The Byrds-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Byrds-produsenten Gary Usher fekk tak i «Wasn't Born to Follow» før han vart utgjeven eller spelt inn av nokon andre gjennom sambanda hans ved produksjonsselskapet Screen Gems og dei personlege kjentskapa hans med Carole King.[4][3] The Byrds spelte inn songen 30. november 1967 som ein av dei siste songane som vart spelt inn i øktene for The Notorious Byrd Brothers.[4] Sologitaristen i bandet Roger McGuinn syng solovokal, og bandet er forsterka av Red Rhodes på pedalsteelgitar og Clarence White på gitar.[2][3][4] Sidan Byrds-trommeslagaren Michael Clarke hadde forlate gruppa under innspelinga av albumet, speler Jim Gordon, som òg opptredde på The City sin versjon, trommer.[4] Albuminnspelinga blir avslutta med lyden av ei dør som smell igjen.[3]
Rogan påpeikar at Byrds fornya melodien til King og i tillegg la til nokre «startande» effektar, inkludert samanstillinga av White sitt country-aktige gitarspel og «ein kaskade av eksotiske fraseringer.»[3] I følgje Allmusic-kritikaren Thomas Ward, speler The Byrds songen «med suveren enkelheit» som ein heider av «venleiken til dei reinaste formene for amerikansk musikk.»[2] Perone ser på The Byrds-innspelinga som den «definitive versjonen av songen.»[1] Perone antydar at «Wasn't Born to Follow» blir ekstra gripande på albumet på grunn av plasseringa rett etter den anti-førstegangstenestesongen «Draft Morning», og antydar at «songaren ikkje var fødd til å følgje sauene (rekruttane) til slaktebenken.»[1][5]
Mens McGuinn skreiv temasongen for filmen Easy Rider, ønskte stjerna og produsenten Peter Fonda òg å inkludera to songar frå The Notorious Byrd Brothers i filmen («Wasn't Born to Follow» og «Draft Morning»).[3] Til slutt vart berre «Wasn't Born to Follow» brukt, og følgde dei to syklistane som køyrde gjennom fjella og tok ein haikar til eit kollektiv.[3][6] Songen vart brukt i filmen for å uttrykka «søken etter Amerika.»[3]
CBS Records i Storbritannia utnytta den framtredande bruken av songen i filmen og gav ut «Wasn't Born to Follow» som singel 26. september 1969,[7] i det uoppfylte håpet om å få eit lykketreff.[3][4] Han vart òg gjeve ut som singel i Tyskland. «Wasn't Born to Follow» vart ikkje utgjeven som A-siden av ein singel i USA, men han dukka opp på B-sida av nokre kopiar av singelutgjevinga av tittellåten frå filmen, «The Ballad of Easy Rider».[4]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]The City spelte inn songen under tittelen «I Wasn't Born to Follow» for albumet deira frå 1968, Now That Everything's Been Said.[1][8] King song solovokal og spelte tangentar.[1] Danny Kortchmar spelte gitar, Charles Larkey spelte bass og Gordon spelte trommer med Lou Adler som produsent.[1][8] Versjonen til The City er lengre og meir kronglete enn Byrds-versjonen.[1] Perone skildra noko av King sitt pianospel som «gospelpåverka.»[1] I følgje Allmusickritikeren Tim Sendra, som ein vokalist er King er «i stand til å vri alle kjenslene ho kan ... med den uttrykksfulle amatørismen sin.»[8]
King spelte inn ein soloversjon av «Wasn't Born to Follow» for albumet Pearls: Songs of Goffin and King frå 1980.[9] Perone skildra denne versjonen som å vera meir påverka av countrymusikk enn både Byrds- og The City-versjonane.[1] Perone roser òg hennar fleirspora vokalharmoniar.[1]
Det psykedeliske popbandet The Lemon Pipers spelte inn «Wasn't Born to Follow» på albumet deira frå 1968, Jungle Marmalade.[10] Dusty Springfield spelte inn songen under øktene for albumet hennar See All Her Faces, sjølv om han ikkje var inkludert på den LP-en og måtte venta til 1990-talet for å bli gjeven ut på samlealbum.[11][12][13] Paul Howes og Petula Clark skildra Springfield sin versjon som å vera lik King sin, med den «bølgjande rytmen sin og presserande levering.»[12] Men dei la merke til at ho endrar kjønnet på pronomena i siste vers frå kvinne til mann.[12] The Monkees spelte songen på albumet deira frå 2016 Good Times! i ein versjon som Will Hodgkinson frå The Sunday Times sa «rullar saman med mjuk lettheit.»[14] Innspelinga vart påbyrja i 1968 og fullført i 2016. Den engelske musikaren Beth Orton inkluderte ein versjon av songen som eitt av tre bonusspor på luksusutgåva av den femte studioutgivinga hennar Sugaring Season frå 2012.
Det amerikanske indierockbandet Yo La Tengo gav ut ein versjon av «Wasn't Born to Follow» som singel i august 2020.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wasn't Born to Follow» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 Perone, James E. (2006). The Words and Music of Carole King. Praeger. s. 18, 23, 93. ISBN 0275990273.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Ward, Thomas. «Wasn't Born to Follow». Allmusic. Henta 25. mai 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 Rogan, Johnny (1997). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. s. 243–245, 291. ISBN 095295401X.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 152, 222–223. ISBN 978-1-906002-15-2.
- ↑ Perone, James E. (2004). Music of the Counterculture Era. Greenwood Publishing Company. s. 54. ISBN 9780313326899.
- ↑ Donnelly, Kevin J. (2015). Magical Musical Tour: Rock and Pop in Film Soundtracks. Bloomsbury Publishing. s. 36. ISBN 9781628921281.
- ↑ Rogan, Johnny (2011). Requiem for the Timeless: Volume 1. London: Rogan House. s. 1047. ISBN 978-0-95295-408-8.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 Sendra, Tim. «Now That Everything's Been Said». Allmusic. Henta 25. mai 2022.
- ↑ Viglione, Joe. «Pearls: Songs of Goffin and King». Allmusic. Henta 25. mai 2022.
- ↑ «Jungle Marmalade album review». AllMusic. Rovi Corp. Henta 15. februar 2019.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Come for a Dream: The U.K. Sessions 1970-1971». Allmusic. Henta 25. mai 2022.
- ↑ 12,0 12,1 12,2 Howes, Paul & Clark, Petula (2012). The Complete Dusty Springfield. Titan Books. ISBN 9781781165409.
- ↑ Leeson, Edward (2001). Dusty Springfield: A Life in Music. Robson Books. s. 121. ISBN 9781861053435.
- ↑ Hodgkinson, Will (27. mai 2016). «The Monkees: Good Times!». The Sunday Times. Henta 25. mai 2022.