Weihai
Weihai (kinesisk:
Byprefekturet Weihai omfattar eitt bydistrikt (
Weihai har varme kjelder, og ut for kysten ligg mange småøyar.
Næringsliv[endre | endre wikiteksten]
Weihai er ein hamneby og eit fiskerisentrum, med ein del lettindustri. Avstanden til Sør-Korea er liten, så Weihai har eit stort innslag av koreanske næringsaktørar og tek også mot mange turistar frå Korea. Weihai er kjerneområde for dyrking av peanøtter og frukt.
Samferdsle[endre | endre wikiteksten]
Weihai har samband med utomverda gjennom både veg, tog og fly. Frå flyplassen går ruter til fleire kinesiske storbyar, samt til to flyplassar i Sør-Korea.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Den nordkinesiske flåtestyrken, den såkalla Beiyangflåten, hadde base i Weihai. Under den første japansk-kinesiske krig var byen kringsett. Dei kinesiske krigsskipa som hadde berga seg etter sjøslaget ved Yalu vart øydelagde i hamna den 2. februar 1895. Øvstkommanderande admiral, Ding Ruchang, tok deretter sitt eige liv.
Frå 1898 til 1930 var Weihai ein britisk koloni, under namnet Weihaiwei.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Weihai» frå Wikipedia på bokmål, den 21. oktober 2012.