Asgaut Steinnes var ein norsk historikar, ordboksforfattar og riksarkivar. Han var hovudsakleg oppteken av skatt og jordeigedomsforhold i norsk mellomalder. Han la òg grunnlaget for ei latinsk ordbok på nynorsk.
Asgaut Steinnes
Faktaboks
- Fødd
- 11. oktober 1892, Klepp, Rogaland
- Død
- 6. juli 1973, Oslo
- Verke
- Historikar og arkivmann
- Familie
-
Foreldre: Bonde, lærar og kyrkjesongar Eirik Asgautsson Steinnes (1863–1910) og Sofie Marie Seland (1865–1939).
Gift 11.2.1917 i Asker med Gudrun Mauland (9.11.1894–17.12.1977), dotter til lærar og folkeminnesamlar Torkell Mauland (1848–1923; sjå NBL1, bd. 9) og Anna Karine Nordbø (1865–1957).
Bakgrunn
Asgaut Steinnes var fødd i Klepp i Rogaland og døydde i Oslo. Han tok examen artium i 1912 på latinlinja ved Hauges Minde i Kristiania, byrja å studere norsk og latin i 1914, men braut av studia utan eksamen i 1916. Han arbeidde deretter som lærar i Kristiania til 1919. Han var overlærar ved Kongsgård skole i Stavanger i 1919–1921, adjunkt ved Voss landsgymnas i 1921–1925 og adjunkt ved Eidsvoll landsgymnas i 1925–1930. Undervisningsfaga var særleg tysk og latin.
I 1927 tok Steinnes doktorgraden på avhandlinga Leidang og landskyld, vart universitetsstipendiat i historie året etter og deretter riksarkivar i 1933. Embetet som riksarkivar hadde han fram til han gjekk av med pensjon ved årsskiftet 1959–1960. Deretter var han statsstipendiat til han døydde i 1973.
Vitskapleg produksjon
Etter andre verdskrigen skreiv Steinnes ei rekkje avhandlingar der, han drøfta Noregs politiske historie langt bak grensene for det ein tidlegare kalla historisk tid. I dette arbeidet nytta han stadnamngransking og retrospektive skatte- og administrasjonsstudiar. Fleire av artiklane vart gitt ut i Historisk tidsskrift.
Den vitskaplege produksjonen til Steinnes spenner over ein periode på nærmare 50 år. Eit av dei første arbeida var Skipreidor og fjordungar i Rogaland (1926), og det siste var Styrings- og rettsskipnad i Sørvest-Noreg i mellomalderen (utgitt i 1974). Hovudverket hans er Gamal skatteskipnad i Noreg (1930–1933). Eit anna større arbeid er Mål, vekt og verderekning i Noreg i millomalderen og ei tid etter(1936).
Frå 1918 til 1928 arbeidde Steinnes med ei latinsk-norsk ordbok, etter initiativ frå Studentmållaget. Han skreiv om lag ein tredjedel av manuskriptet. Saman med Eirik Vandvik gav Steinnes ut den omfattande Latinsk ordbok (1958). Tredje utgåva kom i 1989.
Andre verv og utmerkingar
Steinnes var formann i Norsk Historisk Kjeldeskriftråd i 1953–1957 og i Kjeldeskriftfondet i 1949–1957. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1938, var heidersmedlem av Det Norske Samlaget og formann i styret for Det Norske Teatret i 1947–1948. I 1948 vart han utnemnd til kommandør av 2. grad av Dannebrogordenen og i 1961 til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Helga Sverdrup Ekrheim og Olav Ekrheim (red.): Norges filologer og realister. Stavanger 1933
- Asgaut Steinnes og Eirik Vandvik: Latinsk ordbok. Oslo 1958
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.