Opphavet til IS finn vi i Irak etter den amerikanske innmarsjen i 2003. Jordanaren Abu Musab al-Zarqawi oppretta ei motstandsgruppe mot dei amerikanske troppane der, ei gruppe som så slutta seg til al-Qaida. Etter først å ha møtt motstand blant dei lokale sunniske stammane, greidde han å knyte band til dei ved å hevde at sjiiaer var vantru, og at ein måtte gå til åtak mot dei, ei oppfatning som bin Laden delte, men som ikkje hadde vore viktig for al-Qaida tidlegare. Medan al-Qaida meinte at sjiaer var vantru som kunne rettleiast, støtta al-Zarqawi drap på sjiaer – som han meinte samarbeidde med djevelen. Zarqawi var også meir open for drap på sivile generelt samanlikna med al-Qaida. Han ønskte å framprovosere ein sekterisk krig i Irak gjennom sjølvmordsangrep på sjiaer. Etter at al-Zarqawi blei drepen i 2006, tok ein irakar som blei kalla Abu Omar al-Baghdadi over leiinga, og han endra namnet på gruppa til «Den islamske staten i Irak», ISI. Han blei så drepen i 2010, men den nye leiaren, Ibrahim al-Samarrai (fødd 1971), tok etternamnet hans som dekknamn og kalla seg Abu Bakr al-Baghdadi.
Året etter kom protestane i «den arabiske våren» til Syria og utvikla seg fram mot sommaren 2011 til full borgarkrig. Opprørsgruppene var i byrjinga ikkje dominerte av religiøse eller jihadistiske grupper, men i 2012 sende ISI ei gruppe erfarne krigarar under leiing av syraren Abu Muhammad al-Jawlani til Syria, der dei oppretta Nusrafronten (Jabhat al-Nusra) som lokal avdeling av al-Qaida. Nusrafronten gjorde seg raskt gjeldande, både ved å ta i bruk bombeaksjonar og kjende terrormetodar og ved å vere effektive og erfarne, og dei oppnådde respekt frå dei andre opprørarane. Sjølv om Nusrafronten ikkje samarbeidde med dei andre, retta dei våpena sine mot den felles fienden, styresmaktene i Syria.
Nusrafronten trekte slik til seg mange syriske opprørarar og blei snart ei vel så viktig gruppe som opphavet sitt i Irak, ISI. I 2013 erklærte derfor al-Baghdadi at dei to gruppene skulle slå seg saman til ei, no under namnet Den islamske staten i Irak og Syria, ISIS, og under hans leiing. Nusrafronten og den syriske leiinga rundt al-Jawlani nekta å godta denne ordren og heldt fram som ei sjølvstendig gruppe. Den sentrale leiinga i al-Qaida prøvde å mekle mellom dei to avdelingane, men då det viste seg nyttelaust, valde dei å halde seg til Nusrafronten. Abu Bakr al-Baghdadi braut derfor med al-Qaida og erklærte dei for å vere forelda og svake både i tru og i praksis. Frå då av, i oktober 2013, var dermed ISIS, seinare IS, ein rival til al-Qaida, men med det same jihadistiske grunnsynet, og dei rekna seg som dei sanne arvingane etter bin Laden.
Dei utvikla likevel snart ein annan praksis. Der Nusrafronten la hovudvekta på kampen mot Assad-regimet, parallelt med kampen dei andre opprørarane førte, byrja ISIS å leggje meir vekt på å vinne eit territorium for seg sjølve og å byggje opp ein islamistisk idealstat der. Dei kjempa òg mot styrkane til Assad, men kom snart vel så mykje i konflikt med andre opprørarar, som ikkje delte den strenge ideologien deira. Desse opprørarane blei jaga bort eller tvinga til å underkaste seg ISIS i dei områda dei styrte i det austlege Syria. Også andre islamistar og uavhengige salafistar, som det var fleire grupper av, blei erklærte som vantru dersom dei ikkje underkasta seg ISIS. På denne måten utvida dei området sitt like mykje på kostnad av dei andre opprørsgruppene som av regjeringsstyrkane.
Våren etter, i 2014, var dei sterke nok til å vende blikket mot Irak, der statsapparatet i Bagdad no var blitt meir og meir sekterisk, dominert av det sjiiske fleirtalet. Særleg kjende den sunniske minoriteten i nordvest at regjeringshæren, med for det meste sjiiske soldatar, oppførte seg som ei undertrykkjande okkupasjonsmakt. ISIS greidde slik å vinne støtte blant sunniske stammar og opprørsgrupper til ein felles offensiv, som førte til at dei på kort tid tok styring over den tredje største byen i Irak, Mosul, der regjeringshæren kollapsa og rømde utan å gjere motstand. ISIS følgde etter, og berre etter nokre veker ekspanderte dei langt sørover i Irak. Snart stod dei berre nokre kilometer frå Bagdad, men greidde aldri å nærme seg storbyen meir enn det.
Erobringa av Mosul var uhyre viktig for den Islamske Staten (IS), som dei etter kvart kalte seg. Dei fekk her tilgang til store ressursar og pengar, og ikkje minst avanserte amerikanske våpen som regjeringshæren hadde late etter seg. IS tok desse våpena med seg tilbake til Syria og brukte dei til å utvide området sitt der. Dei trekte til seg andre opprørsgrupper, anten frivillig eller med tvang. Dei sivile som budde i området var også ein viktig ressurs, fordi IS utvikla eit komplekst byråkrati for å skattlegge dei.
Med denne suksessen bak seg kunne så al-Baghdadi i juni 2014 erklære at han oppretta eit «kalifat», ein verdsomfattande islamsk stat, med han sjølv som kalif, under namnet kalif Ibrahim. Etter klassisk tenking kan det berre vere éin kalif i islam. Al-Baghdadi kravde dermed underkasting frå andre muslimar, i det minste frå dei jihadistgruppene som hadde eit slikt kalifat som eit framtidsmål. Dei leiande religiøse autoritetane i sunniislam, både i Egypt og Saudi-Arabia, avviste tanken om at eit kalifat var rett styreform i vår tid og retta harde åtak mot IS (som ISIS no kalla seg) og mot andre jihadistar, og fordømde dei. Også al-Qaida og andre jihadistgrupper nekta for at IS hadde rett til å krevje ei slik leiarrolle og nekta å underkaste seg. IS såg derfor desse gruppene som fråfalne og fiendar. Erklæringa om kalifatet førte derfor ikkje til noka større samling rundt IS. Likevel var det nokre al-Qaida-grupper i ulike land som delte seg, der somme støtta leiarskapen til al-Qaida, medan andre svor truskap til kalifatet og IS, og eit par større grupper slutta seg til IS. I all hovudsak har likevel IS ikkje greidd å få dominans over jihadistmiljøa i Midtausten, men har hatt større hell med å rekruttere krigarar til å kome til kalifatet og ta del i kampane der.
Mot slutten av 2014 blei også konflikten internasjonalisert, ved at ein internasjonal koalisjon under leiing av USA starta ein bombekrig mot IS sine område. Ved sida av USA var òg nokre vestlege land med, særleg Storbritannia, men berre på den irakiske sida av grensa. Noreg gav òg eit mindre bidrag her. Frankrike og fleire USA-allierte arabiske land, slike som Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata og fleire, var òg med i bombekrigen i Syria. I 2015 gjekk også Russland og Tyrkia kvar for seg inn med bombing av IS sine område i Syria, sjølv om begge la meir vekt på å ramme andre grupper (andre anti-Assad-grupper for Russland, kurdarar for Tyrkia). I løpet av det året og året etter mista IS store område i Irak. Sommaren 2017 blei Mosul erobra på nytt av irakiske styrkar, og i oktober fall «hovudstaden» Raqqa i Syria. Den siste landsbyen kalifatet styrte, Baghuz, fall til amerikanskstøtta kurdiske styrkar i februar 2019.
Kommentarar (4)
skreiv Tor Jakob Moe
skreiv Dag Leraand
skreiv Andreas Berger
svarte Dag Leraand
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.