Heðin Brú var diktar-pseudonymet til den færøysk forfattaren og agronomen Hans Jacob Jacobsen.
Brú debuterte som forfattar i 1930 med oppvekstromanen Lognbrá («Luftspeiling»), som fem år seinare fekk fortsetjinga si med Fastatökur («Fast tak»). Til dagleg arbeidde han som landbruksrådgjevar på Færøyane frå 1928 til 1969.
Brú var ein framifrå språkkunstnar som på meisterleg vis skildrar natur og menneskesinn i bonde- og fiskarmiljø. Romanane og novellene hans klargjer samtidig dei sterke brytningane i det færøyske samfunnet i overgangen mellom bondesamfunn og fiskeidustrisamfunn. Den viktigaste er Feðgar á ferð (1940, Fattigfolk på ferde, 1964), men også i dei seinare romanane, som til dømes den historiske romanen Men lívið lær (1970, «Men livet ler»), finst stor språkkunst og innsikt i menneskeliv og samfunnsmekanismar. Den siste romanen hans, Tað stóra takið (1972, «Kraftanstrengelsen»), er ein kollektivroman som skildrar overgangen på Færøyane frå å vere eit stilleståande bondesamfunn til å verte eit hektisk fiskerisamfunn med lønnstakarar.
Brú omsette ei rekkje store forfattarar til færøysk, til dømes Emily Brontë, William Shakespeare og Fjodor Dostojevskij, i tillegg til nordiske forfattarar som Knut Hamsun, Henrik Ibsen, Astrid Lindgren og den danskspråklege landsmannen William Heinesen. Brú fekk Holberg-medaljen fra den danske forfattarforeininga i 1982. Han utga memoarboka Endurminningar («Minne») i 1980.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.