(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Hornafjörður – Store norske leksikon
Hornafjörður
Frå Hornafjörður. Det meste av flatevidda i kommunen er bre, sandur, hei og myr. Det er ein smal brem av lågland mellom Vatnajökull og havet, der noko er eigna til beite. Fiske og turisme er viktigaste næringar.

Hornafjörður er ein kommune på søraustkysten av Island. Kommunen har 2150 innbyggarar i 2015 og eit areal på 6380 kvadratkilometer.

Hornafjörður omfattar kyststrekningen langs austsida av Vatnajökull frå Skeiðarársandur til sør for Djúpivogur. Kommunesenteret Höfn ligg ved fjorden som har gitt kommunen namn. Höfn har ein flyplass for innanriksflygingar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg