(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Schibsted ASA – Store norske leksikon

Faktaboks

Offisielt namn
SCHIBSTED ASA
Organisasjonstype
Allmennaksjeselskap
Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Christian Printzell Halvorsen
Styreleiar
Karl Christian Agerup
Firmalogo
Schibsted.

Schibsted ASA er eit internasjonalt mediekonsern med røter tilbake til 1839 og hovudkontor i Oslo. Konsernet hadde inntil sommaren 2024 ei omfattande verksemd innan aviser, trykking og annonseformidling og var inntil 2022 Noregs største medieselskap når ein reknar ut frå talet på aviser og totalopplag, då Amedia gjekk forbi. Det er eit av Nordens leiande medieselskap etter omsetning. I 2024 vart avisutgjevinga skilt ut som eige selskap (Schibsted Media).

Schibsted eigde mellom anna fire av Noregs ti største aviser: Verdens Gang (VG), Aftenposten, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad. Schibsted var dessutan største eigar av Adresseavisen og Fædrelandsvennen gjennom eigarskapen sin i Polaris Media. I tillegg eigde konsernet fleire mindre lokalaviser. Schibsted var og betydeleg eigar i nyheitsbyråa Norsk Telegrambyrå (NTB) og Tidningarnas Nyhetsbyrån (TT).

Annonseformidling på nett er eit hovudsatsingsområde for konsernet. I Skandinavia driv dei portalane Finn.no, Blocket.se og Tori.fi. Internasjonalt har dei ei rekkje portalar eigde gjennom selskapet Adevinta, som er verdsleiande innan denne marknaden. Schibsted eigde inntil hausten 2023 28,1 prosent av Adevinta, men vedtok å selja 60 prosent av aksjeposten for 24 milliardar kroner som i all hovedsak skulle betalast som utbyte til aksjonærane i Schibsted.

Investeringsselskapet Schibsted vekst driv finansiell rådgjeving på nett og famnar om fleire underselskap som mellom anna Prisjakt.no (teneste for prissamanlikning). Lendo er eit anna heileigd Schibsted-selskap som til dømes gir råd om lån og lånevilkår.

Nøkkelinformasjon

Kristin Skogen Lund
Kristin Skogen Lund var konsernsjef i Schibsted frå 2018 til 2024.
Kristin Skogen Lund
Av .
  • Driftsinntektene i 2023 var cirka 15,8 milliardar kroner (cirka 15,3 milliardar kroner i 2022).
  • Brutto driftsresultat i 2023 (EBITDA) var cirka 2,5 milliardar kroner (cirka 2,4 milliardar kroner i 2022).
  • Konsernet hadde over 5000 tilsette i ti land ved utgangen av 2023. Schibsted er notert på Oslo Børs.

Schibsteds verksemd er organisert i fleire uavhengige selskap. Dei viktigaste er

  • Schibsted Norge, som omfattar avis-, trykkjeri- og distribusjonsverksemda
  • Schibsted Nordic Marketplaces, som omfattar annonseverksemda i dei nordiske landa
  • Adevinta, som omfattar den internasjonale annonseverksemda

Kristin Skogen Lund tiltredde som konsernsjef hausten 2018, då ho etterfølgde Rolv Erik Ryssdal. Ho valde å trekkja seg som konsernsjef i 2024 og vart avløyst av Christian Printzell Halvorsen. Styreleiar frå 2022 er Karl-Christian Agerup. Han overtok etter Ole Jacob Sunde. Største eigar var lenge Einar Fr. («Tinius») Nagell-Erichsen gjennom selskapet Blommenholm Industrier, men denne eigardelen blei i 2006 overført til stiftinga Tinius, der Nagell-Erichsen var styremedlem til han døydde i 2007. Eigardelen er på 23,79 prosent.

To selskap i 2024

I første halvår 2024 vart Schibsted-konsernet omorganisert og delt i to sjølvstendige selskap. Styret i Schibsted og styret i Stiftinga Tinius vart i desember 2023 samde om at Stiftinga overtok nyheitsdivisjonen (som fekk namnet Schibsted Media) for 6,2 milliarder kroner. Det nye selskapet, som femnar om all avisutgiving, nyheitsbyrå og andre redaksjonelle tenester, vart dermed hundre prosent norsk eigd. Selskapet er ikkje notert på børs, men skal framleis bera Schibsted-namnet. I grunngjevinga for omorganiseringa går det fram at Styret i Schibsted og Tinius på denne måten vil sikra norsk eigarskap og redaksjonelt sjølvstende. Siv Juvik Tveitnes er konsernsjef i det nye selskapet.

Resten av Schibsted-konsernet (Schibsted Marketplaces), som i hovudsak femnar om forretningsverksemd på ulike plattformer, er organisert som børsnotert selskap. Stiftinga Tinius eig 26,3 prosent.

Aviser

Gjennom selskapet Media Norge ASA (2009–2012) kontrollerte Schibsted ei tid opptil 84 prosent av aksjane. Media Norge omfatta Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen i tillegg til Finn.no. I 2012 blei Media Norge eit heileigd Schibsted-selskap og døypt om til Schibsted Norge, der også VG blei innlemma saman med Schibsted Forlag og Media Norge Trykk. Nettavisa Næringsliv24, mest kjent som E24 (frå 2006), er eit samarbeid mellom Aftenposten og VG.

I tillegg til dei store norske avisene eigde Schibsted fleire mindre lokalaviser.

I Sverige eigde Schibsted Svenska Dagbladet i Stockholm og (saman med svensk LO) Aftonbladet, Nordens største avis. I Estland eigde Schibsted fram til 2013 mesteparten av det største medieselskapet i landet (Eesti Meedia Group) med verksemd innan aviser (mellom anna Postimees, Estlands største), vekeblad og tidsskrift, radio og internett. Schibsted eigde også det største trykkjeriet i landet (Kroonpress). I Spania og Frankrike gav Schibsted i åra 1999–2016 ut gratisavisa 20 Minutes i tilknyting til offentleg kommunikasjon i over 20 større byar.

Annonsar

Rolv Erik Ryssdal

Rolv Erik Ryssdal var frå 2019 til 2022 administrerande direktør i rubrikkannonseselskapet Adevinta, som er eigd av Schibsted. Ryssdal var administrerande direktør i Schibsted frå 2009 til 2018.

Rubrikkannonsar på nettet har blitt eit hovudsatsingsområde for konsernet, i Noreg gjennom Finn.no, som blei lansert i 1999 og er ein elektronisk marknadsplass for bil- og eigedomskjøp, stillingsannonsar med meir.

Hovudverksemda var lenge i Noreg og Sverige, men Schibsted har hatt verksemd i til saman 23 land i Aust-Europa, Vest-Europa, Latin-Amerika, Afrika og Asia. For å satsa sterkare på rubrikkannonsering internasjonalt blei Adevinta oppretta i 2019, med tidlegare konsernsjef Rolv Erik Ryssdal som administrerande direktør. Som dominerande eigar i Adevinta fekk selskapet hand om marknadsplassar i 16 land i Europa, Latin-Amerika og Nord-Afrika, medan morselskapet Schibsted satsa meir nordisk.

I juli 2020 kjøpte Adevinta rubrikkverksemda til det amerikanske eBay Classified Group, og med det blei Adevinta det største rubrikkannonseselskapet i verda på nett. Som ledd i transaksjonen kjøpte Schibsted eBays danske verksemder. Same sommaren kjøpte Schibsted også ytterlegare marknadsplassar i Finland.

Historikk

Schibsteds tidlegare logo
.
Lisens: fri

Christian Schibsted blei i 1839 kompanjong med boktrykkjaren Johan Jørgen Krohn. Året blir rekna som stiftingsåret for Chr. Schibsteds Forlag, som fekk namnet sitt i 1843, då Schibsted kjøpte ut Krohn. Schibsted gav frå 1860 ut avisa Aftenposten, som passerte Morgenbladet og blei Noregs største avis i 1901. På eigarsida var selskapet heilt frå byrjinga av 1900-talet dominert av familiane Nagell-Erichsen, Huitfeldt og Riddervold.

Aftenpostens eigarar overtok i 1966 Verdens Gang, som blei Noregs største avis i 1981. I og med eigarskapen av to aviser blei Schibsted-gruppa etablert midt i 1970-åra, og i 1989 blei konsernet omdanna frå familieselskap til aksjeselskap og børsnotert i 1992 (Schibsted ASA). Samtidig ekspanderte verksemda utover landegrensene med kjøp av mellom anna store andelar i svenske storaviser. Ein stor andel i den svenske TV-kanalen TV 4 blei kjøpt i 2004.

Film og fjernsyn

I 1992 var Schibsted med på å starta TV 2, og Schibsted eigde ein tredel av aksjane. Dei selde seg heilt ut i 2006. Schibsted var i nokre år majoritetseigar i film- og TV-produksjonsselskapet Metronome Film & Television, men var i 2013 heilt ute av film- og fjernsynsbransjen.

Forlag

Schibsted var eigar av Schibsted Forlag AS til 2015, då forlaget saman med Ebok.no blei selt til Forlagshuset Vigmostad & Bjørke i Bergen. Konsernet gir ut ei rekkje magasin i Noreg, Estland og Litauen.

Søkjemotor

I 2005 lanserte Schibsted søkjemotoren Sesam, som blei avvikla i 2009.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg