I 1927 kom Til fyret, (originaltittel To the Lighthouse, norsk omsetjing 1995), ein roman mange reknar som Woolfs beste. Me møter familien Ramsay med venner som er saman på ferie i eit hus på ei øy, og gradvis blir det openbert at ingen av dei verkeleg forstår kvarandre. Det kjem fram at kvart menneske sitt sinn er eit mysterium for andre. Boka dreier seg også om døden. I den merkelege midtdelen kalla «Tiden går» kjem døden til syne gjennom korte opplysningar i parentesar som fortel oss at Mrs. Ramsay plutseleg døydde natta før, at ein av sønene er skotne i filler i Frankrike under første verdskrigen, og at ei dotter er død i barsel. Det er tida sjølv som snakkar her, og desse få sidene dannar ei slags bru mellom den mykje lengre første delen, der det blir planlagt ei utflukt til fyret, og den tredje delen, der dei tre attlevande familiemedlemmene endeleg dreg dit. Men ei skildring av handling eller plott seier ikkje stort. Det viktige i denne boka er tvert imot det finstemte samspelet mellom personane, korleis dei snakkar saman, prøver å forstå kvarandre, men som oftast mislykkast i det. Woolf framstiller den sosiale dynamikken som ein straum av kjensler og inntrykk, og minner oss dimed på at me alltid ser oss sjølv annleis enn korleis andre ser oss.
Både i første og tredje del står målarinna Lily på plenen og målar på eit bilete. Ho strevar med form, fargar og linjer, og lesaren blir teken med inn i tankane hennar medan ho arbeider på måleriet: «Det hun ville, tenkte hun og dyppet penselen målbevisst, var å være på nivå med den dagligdagse erfaring, å føle helt enkelt at det er en stol, det er et bord, men samtidig: Det er et mirakel, det er en ekstase.» Det kan godt henda stolen og bordet er heilt kvardagslege, men det Lilys ord peikar på, er at kvardagsundera består i at det tilsynelatande alminnelege ber i seg lag av meining og erfaring som kan opna nye verder for oss, og skapa bruer mellom oss. Eller som guten James på eit tidspunkt seier: «For det var ikke noe som var bare én ting.»
Til fyret blir ofte kalla ein stream of consciousness-roman, med tilvising til dei mange tankestraumane som pregar romanen. I byrjinga av romanen ser me korleis ein tilsynelatande alminneleg feriesamtale om vêrutsikter og moglegheita for å gjennomføra ei utflukt til fyret neste dag, likevel kan vera krevjande å følgja fordi ho heile tida utløyser perspektivskifte og individuelle tankerekkjer. Strengt teke er ikkje dette ein rein stream of consciousness-roman, for det er ein forteljar som organiserer hendingane og markerer kven som seier eller tenkjer kva, men det er likevel eit påfallande trekk ved både denne og andre av Woolfs romanar at forteljaren lèt oss bli med inn i hovuda på dei ulike personane. I Bølgene frå 1931 (originaltittel The Waves, norsk omsetjing 1998) er likevel det monologiske langt meir reindyrka. Romanen er komponert i form av seks stemmer som vekslar gjennom heile boka, berre avbrotne av lyriske landskapsobservasjonar i kursiverte avsnitt. Her er det inga forteljing eller handling å snakka om, det er snarare rytmen som driv teksten framover, jamfør den bølgjerørsla tittelen speler på.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.