Yuan-dynastiet er perioden i kinesisk historie frå 1279 til 1368, då mongolane herska over heile Kina. Namnet refererer òg til den austlegaste delen av det mongolske verdsriket, som forutan Mongolia og Kina femnde Korea, Tibet og Mandsjuria.
Yuan-dynastiet vart grunnlagt i 1271 av Khubilai-khan, ein soneson av Dsjengis-khan, men starten på perioden blir tradisjonelt datert til 1279, då mongolane sigra over siste rest av det føregåande Song-dynastiet. Beijings fall og erklæringa av Ming-dynastiet i 1368 markerer slutten.
Den samla dommen over Yuan-dynastiet har tradisjonelt vore negativ. Særleg får det skulda for å ha avbrote det politiske mangfaldet og den industrielle og økonomiske framdrifta i det storslåtte Song-dynastiet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.