(Translated by https://www.hiragana.jp/)
kvadratkilometer – Store norske leksikon
kvadratkm

Kvadratkilometer sammenliknet med andre arealenheter.

kvadratkm
Lisens: CC BY SA 3.0

Kvadratkilometer er ei arealeining, og definert som arealet av eit kvadrat der kvar side er éin kilometer lang. Det betyr at éin kvadratkilometer er lik ein million kvadratmeter (1 000 000 m²). Symbolet for kvadratkilometer er km².

Kvadratkilometer er ei metrisk eining som i dag inngår i det meir omfattande SI-systemet. SI-systemet er eit internasjonalt einingssystem for måling av fysiske storleikar, og er no innført som offisiell standard i nesten alle land i verda. Dette gjer at kvadratkilometer er ei standardisert eining som gjer samanlikningar mellom ulike geografiske område enkle og presise. Kvadratkilometer blir ofte brukt til å måle større landområder, som til dømes byar, kommunar, fylke og land. Eininga er nyttig i geografi, kartlegging og planlegging.

I SI-systemet blir kvadratkilometer (km²) definert som ein multippel av kvadratmeter (m²). Prefikset k betyr 1000, men merk at symbolet km² ikkje betyr 1000 kvadratmeter, men skal lesast som (km)². Samanlikna med andre metriske arealeiningar er 1 kvadratkilometer lik:

Ikkje-metriske arealeiningar

Sjølv om SI-systemet er ein internasjonal standard, er eldre måleiningar framleis i bruk. Det gjeld i første rekkje USA der det tradisjonelle einingssystemet (US Customary units) blir brukt i utstrekt grad. For store areal er følgjande einingar mykje brukte:

  • 1 kvadratmile (sqmi) ≈ 2,5899 kvadratkilometer
  • 1 acre ≈ 0,004 047 kvadratkilometer

Eller:

  • 1 km² ≈ 0,3861 sqmi ≈ 247,1 acres

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg