Tettleik
Tettleik eller densitet (symbol:
SI-eininga for tettleik er kilogram pr. kubikkmeter (kg/m³)
Formel for tettleik
endreGjennomsnittstettleiken for eit objekt er lik den totale massen delt på det totale volumet:
der
m er den totale massen til objektet (målt i kilogram).
V er det totale volumet til objektet (målt i kubikkmeter).
Andre einingar
endreSomme nyttar enno dei gamle einingane g/cm³ (gram pr. kubikkcentimeter), g/ml (gram pr. milliliter), kg/dm³ (kilogram pr. kubikkdesimeter), eller kg/l (kilogram pr. liter) til å måle tettleik.
1 g/cm³ = 1 g/ml = 1 kg/dm³ = 1 kg/l
1 g/cm³ = 1000 kg/m³
0,001 g/cm³ = 1 kg/m³
Tettleik av stoff
endreDen kanskje høgaste kjende tettleiken er den i materien til ei nøytronstjerne (sjå nøytronium). Den gravitasjonelle singulariteten i senteret til eit svart hol har i følgje den generelle relativitetsteorien ikkje volum, så tettleiken er udefinert.
Det naturlege stoffet med høgast tettleik på Jorda er iridium, 22 650 kg/m³
Tettleikar til diverse stoff:
Stoff | Tettleik (kg/m³) |
|
---|---|---|
Iridium | 22 650 | |
Osmium | 22 610 | |
Platina | 21 450 | |
Gull | 19 300 | |
Uran | 19 050 | |
Kvikksølv | 13 580 | |
Palladium | 12 023 | |
Bly | 11 340 | |
Sølv | 10 490 | |
Kopar | 8920 | |
Jern | 7870 | |
Tinn | 7310 | |
Titan | 4507 | |
Diamant | 3500 | |
Aluminium | 2700 | |
Magnesium | 1740 | |
Sjøvatn | 1025 | |
Vatn | 1000 | |
Etanol | 790 | |
Bensin | 730 | |
Aerogel | 3 | |
Tilfeldig gass | 0,0446 gonger den gjennomsnittlege molekylmassen, med andre ord mellom 0,09 og ca. 10 (ved standard temperatur og trykk) | |
t.d. luft | 1,2 |
Merk den låge tettleiken til aluminium samanlikna med andre metall. Difor er fly laga av aluminium. Sjå au at luft har ein tettleik som er liten, men ikkje null. Aerogel er verdas lettaste faste stoff.