Månane til Uranus
Uranusmånane er dei 27 naturlege satellittane til Uranus. Fem av dei er massive nok til å ha oppnådd hydrostatisk likevekt og ville vore rekna som dvergplanetar om dei hadde gått i bane rundt sola.
Dei første to månane som blei oppdaga var Titania og Oberon og blei oppdaga av William Herschel den 13. mars 1787. To til, Ariel og Umbriel, blei oppdaga av William Lassell i 1851. I 1852 gav Herschel sin son John Herschel til fire månane som til då var kjende. I 1948 oppdaga Gerhard Kuiper den femte og siste større månen, Miranda.
Nærpasseringa av Voyager 2 i januar 1986 leia til oppdaginga ti nye månar i det indre av uranussystemet. Endå ein måne, Perdita blei oppdaga etter eit studie av gamle Voyager-bilete. To nye månar, òg i bane nær Uranus, blei funne ved hjelp av romteleskopet Hubble. Inntil 1997 var Uranus den einaste av kjempeplanetane som ein enno ikkje hadde oppdaga irregulære satellittar i bane rundt. Sidan då har ni fjerne irregulære månar blitt identifiserte av bakketeleskop.
Regionen mellom hovudringane og Miranda ser ut til å halda på mange månar. Dei små månane blir konstant gravitasjonelt påverka av kvarandre. Systemet er kaotisk og tilsynelatande ustabilt, simuleringar viser at månane kan påverka kvarandre slik at dei får kryssande banar og til slutt kolliderer.[1]
I motsetning til dei fleste planetmånane som har namn ifrå antikken er alle månane til Uranus namnsette etter figurar frå verka til Shakespeare og diktet «The Rape of the Lock» av Alexander Pope.
Tabell over månane
endreUranusmånane er lista opp under rangert ifrå kortast til lengst omløpstid. Månar massive nok til å ha kollapsa til ei rund form står på blå bakgrunn. Irregulære, dvs. innfanga, månar med prograde banar står på grå bakgrunn; dei med retrograde banar på mørkegrått.
Rangering | Namn (runde månar med feit skrift) |
Bilete | Snittdiameter (km) | Masse (kg) | Store halvakse (km) | Omløpstid (dagar) | Banehelling (°) (i forhold til ekvatoren til Uranus) |
Oppdagingsdato | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Uranus VI | Cordelia | 42 ± 6 | 5,0×1016? | 49 751 | 0,335034 | 0,08479° | 1986 | |
2 | Uranus VII | Ophelia | 46 ± 8 | 5 ,1×1016? | 53 764 | 0,376400 | 0,1036° | 1986 | |
3 | Uranus VIII | Bianca | 54 ± 4 | 9,2×1016? | 59 165 | 0,434579 | 0,193° | 1986 | |
4 | Uranus IX | Cressida | 82 ± 4 | 3,4×1017? | 61 766 | 0 ,463570 | 0 ,006° | 1986 | |
5 | Uranus X | Desdemona | 68 ± 8 | 2 ,3×1017? | 62 658 | 0,473650 | 0,11125° | 1986 | |
6 | Uranus XI | Juliet | 106 ± 8 | 8,2×1017? | 64 360 | 0,493065 | 0,065° | 1986 | |
7 | Uranus XII | Portia | 140 ± 8 | 1,7×1018? | 66 097 | 0,513196 | 0,059° | 1986 | |
8 | Uranus XIII | Rosalind | 72 ± 12 | 2,5×1017? | 69 927 | 0,558460 | 0,279° | 1986 | |
9 | Uranus XXVII | Cupid | ~ 18 | 3,8×1015? | 74 800 | 0,618 | 0,1° | 2003 | |
10 | Uranus XIV | Belinda | 90 ± 16 | 4,9×1017? | 75 255 | 0,623527 | 0,031° | 1986 | |
11 | Uranus XXV | Perdita | 30 ± 6 | 1,8×1016? | 76 420 | 0,638 | 0,0° | 1986 | |
12 | Uranus XV | Puck | 162 ± 4 | 2,9×1018? | 86 004 | 0,761833 | 0,3192° | 1985 | |
13 | Uranus XXVI | Mab | ~ 25 | 1,0×1016? | 97 734 | 0,923 | 0,1335° | 2003 | |
14 | Uranus V | Miranda | 471,6 ± 1,4 | (6,6 ± 0,7)×1019 | 129 390 | 1,413479 | 4,232° | 1948 | |
15 | Uranus I | Ariel | 1157,8 ± 1,2 | (1,35 ± 0,12)×1021 | 191 020 | 2,520379 | 0,260° | 1851 | |
16 | Uranus II | Umbriel | 1169,4 ± 5,6 | (1,17 ± 0,13)×1021 | 266 300 | 4,144177 | 0,205° | 1851 | |
17 | Uranus III | Titania | 1577,8 ± 3,6 | (3,53 ± 0,09)×1021 | 435 910 | 8,705872 | 0,340° | 1787 | |
18 | Uranus IV | Oberon | 1522,8 ± 5,2 | (3,01 ± 0,07)×1021 | 583 520 | 13,463239 | 0,058° | 1787 | |
19 | Uranus XXII | Francisco | ~ 22 | 7,2×1015? | 4 276 000 | -266,56* | 147,459° | 2001 | |
20 | Uranus XVI | Caliban | ~ 72 | 2,5×1017? | 7 231 000 | -579,73* | 139,885° | 1997 | |
21 | Uranus XX | Stephano | ~ 32 | 2,2×1016? | 8 004 000 | -677,37* | 141,873° | 1999 | |
22 | Uranus XXI | Trinculo | ~ 18 | 3,9×1015? | 8 504 000 | -749,24* | 166,252° | 2001 | |
23 | Uranus XVII | Sycorax | ~ 150 | 2,3×1018? | 12 179 000 | -1288,28* | 152,456° | 1997 | |
24 | Uranus XXIII | Margaret | ~ 20 | 5,4×1015? | 14 345 000 | +1687,01 | 51,455° | 2003 | |
25 | Uranus XVIII | Prospero | ~ 50 | 8,5×1016? | 16 256 000 | -1978,29* | 146,017° | 1999 | |
26 | Uranus XIX | Setebos | ~ 48 | 7,5×1016? | 17 418 000 | -2225,21* | 145,883° | 1999 | |
27 | Uranus XXIV | Ferdinand | ~ 20 | 5,4×1015? | 20 901 000 | -2887,21* | 167,346° | 2001 |
Irregulære månar
endreDiagrammet illustrerer banane til dei irregulære satellittane som er oppdaga så langt. Eksentrisiteten er representert ved dei gule linestykka som strekkjer seg ifrå perisenter til aposenter. Banehellinga er representert på Y-aksen. Satellittane over X-aksen er prograde medan satellittane under er retrograde. X-aksen representerer avstanden til Uranus målt i gigameter (millionar kilometer) og brøkdelen av Hill-sfæren (området gravitasjonen til ein himmellekam rår. For Uranus er denne radiusen på ca. 70 millionar kilometer.).
I motsetning til dei irregulære satellittane til Jupiter finst det ikkje nokon samanheng mellom store halvakse og banehellinga. I staden blir månane delte inn i to grupper basert på forholdet mellom store halvakse og eksentrisiteten.
Den indre gruppa har ein store halvakse mindre 15 % av Hill-sfæren og ein moderat eksentrisitet på ~0,2. Denne gruppa består av:
Den ytre gruppa har ein store halvakse på større enn 15 % av Hill-sfæren og inkluderer satellittar med høg eksentrisitet (~0,5). Denne gruppa består av[2]:
Namna
endreNamna til uranusmånane kjem ifrå dei følgjande verka:
- The Rape of the Lock, dikt av Alexander Pope: Ariel, Umbriel og Belinda
- Skodespel av William Shakspeare:
- A Midsummer Night's Dream: Titania, Oberon, Puck
- The Tempest: (Ariel), Miranda, Caliban, Sycorax, Prospero, Setebos, Stephano, Trinculo, Francisco, Ferdinand
- King Lear: Cordelia
- Hamlet: Ophelia
- The Taming of the Shrew: Bianca
- Troilus and Cressida: Cressida
- Othello: Desdemona
- Romeo og Julie: Juliet, Mab
- The Merchant of Venice: Portia
- As You Like It: Rosalind
- Much Ado About Nothing: Margaret
- The Winter's Tale: Perdita
- Timon of Athens: Cupid
Nokre asteroidar deler namn med uranusmånar: 171 Ophelia, 218 Bianca, 593 Titania, 666 Desdemona, 763 Cupido og 2758 Cordelia.
Uekte månar
endreTitania og Oberon blei oppdaga av Herschel 11. januar 1787. Påfølgjande trudde Herschel at han hadde observert fire andre månar, to i 1790 (18. januar og 9. februar) og to til i 1794 (28. februar og 26. mars). Det blei difor trudd i fleire tiår etter ar Uranus hadde seks satellittar, sjølv om ingen annan astronom hadde greidd å bekrefta dei fire siste. Observasjonane til Lassell i 1851, då han oppdaga Ariel og Umbriel, kunne ikkje støtta Herschel sine observasjonar. Ariel og Umbriel, som Herschel burde ha sett dersom han hadde sett månar i ved sida Titania og Oberon, passa ikkje med banekarakteristikaa til Herschel sine fire satellittar og æra for oppdaginga av Ariel og Umbriel gjekk til Lassell.[3] Det var tenkt at Herschel sine fire uekte satellittar hadde baneperiodar på 5,89 (kortarte enn Titania), 10,96 dagar (mellom Titania og og Oberon) og 38,08 og 107,69 dagar (utfor Oberon).[4]
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Uranus sine månar Arkivert 2014-07-28 ved Wayback Machine. av NASA's Solar System Exploration Arkivert 2006-04-25 ved Wayback Machine.
- «NASA's Hubble Discovers New Rings and Moons Around Uranus» (STScI 22. desember 2005)
Fotnotar
endre- ↑ Showalter, Mark R.; Lissauer, Jack J. (22.12.2005). «The Second Ring-Moon System of Uranus: Discovery and Dynamics». Science Express. doi:10.1126/science.1122882.
- ↑ Scott S. Sheppard, David C. Jewitt og Jan Kleyna «An Ultradeep Survey for Irregular Satellites of Uranus: Limits to Completeness», The Astronomical Journal, 129 (2005), side 518–525 (introduksjon)
- ↑ Scientific American Supplement, No. 303, October 22, 1881 / Various, arkivert frå originalen 12. januar 2009, henta 9. mars 2008
- ↑ SAO/NASA Astrophysics Data System (ADS)
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Moons of Uranus» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2008.
Solsystemet |
---|
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris |
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen |
smålekamar: meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya) |
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet |