Liao He
Liao He | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Liao He 40°40′09″N 122°08′56″E / 40.669166666667°N 122.14888888889°E | |||
Liao He, med elva sitt nedslagsfelt i gult
| |||
Wikimedia Commons: Liao River |
Liao He (kinesisk skrift
Liao He har to større sideelvar. Den eine, Laoha He, har sine kjelder i fylket Pingquan i provinsen Hebei. Den andre, Dongliao He, kjem frå aust i frå fjella i det sentrale Liaodong og provinsen Jilin, kjelda er i fylket Dongliao i Jilin. Laoha He og Dongliao He renn i hop i fylket Changtu i Liaoning, nær der Liaoning, Jilin og Indre Mongolia grensar mot kvarandre. Elva får frå åmotet namnet Liao He og renn sørover til Bohaibukta. På sin veg sørover tek ho opp i seg sideelvane Hun He og Taizi He, som begge flyt ned frå fjellkjeda Qianshan.
Ei rekke storbyar ligg ved Hun He; dei største er provinshovudstaden Shenyang og Fushun i Liaoning. Anshan ligg lenger sør og Yingkou nær munningen av Liao He.
Liksom Huang He fører Liao He med seg store mengder sedimentmasse ettersom ho mange stader renn gjennom område med løss. I 1958 endra ho løp, noko som har hendt mange gongar i løpet av kjent historie.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Liao He» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2011.