(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Hanzi – Wikipedia Hopp til innhald

Hanzi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kinesisk skrift)
Hànzì 'kinesisk(e) teikn' skrivne med tradisjonelle teikn (til venstre) og forenkla teikn (til høgre).
Kinesisk kalligrafi.

Hanzi (汉字 / 漢字かんじ, pinyin hànzì) er det kinesiske namnet på det kinesiske teiknsettet. Med tonar vert det hànzì. Det finst i to former, ei forenkla form (jamfør 汉字 hànzì) som vert brukt i mesteparten av Kina og i Singapore, og ei tradisjonell form (jamfør 漢字かんじ hànzì) som vert nytta på Taiwan og i Hong Kong.

I Sør-Korea, der dei vert kalla 한자 / 漢字かんじ hanja, vert mange av dei same teikna som i den tradisjonelle kinesiske forma nytta som eit supplement til det koreanske alfabetet hangul, koreansk 한굴 hangeul. I Nord-Korea vart 한자 / 漢字かんじ hanja avskaffa i 1949, og ein nyttar berre det koreanske alfabetet, som her vert kalla 조선글 joseongeul. I Japan nyttar ein eit eige sett av teikn som vert kalla 漢字かんじ kanji, der mange av dei tradisjonelle teikna er forenkla, men ikkje alltid dei same som i Kina. Teikna vart før òg nytta for å skrive vietnamesisk, og på dette språket heiter dei Hán tự ( 漢字かんじ), chữ Hán (𡨸かん), chữ Nho (𡨸儒) og chữ Trung Quốc (𡨸中國ちゅうごく).

Kinesiske skriftteikn kan delast i seks grupper[1]; uttalen som er oppgjeven, er den vi finn i standard mandarin:

  1. 象形しょうけい Xiàngxíng eller piktografiske teikn, som opphavleg var teikningar av naturlege objekt, til dømes さん shān ‘fjell', ひと rén ‘menneske’, おんな ‘kvinne’, ‘barn’, ‘sol, dag’ og こう kǒu ‘munn, opning’. Jamfør tabellen nedanfor.
  2. 指事しじ Zhǐshì eller Enkle ideografiske teikn, som gjev att abstrakte omgrep, til dømes talorda いち 'éin', èr 'to' og さん sān 'tre'.
  3. 會意かいい Huìyì eller komplekse ideografiske teikn, der tydinga heng saman med relasjonen mellom delane, til dømes このみ hǎo ‘vere god’, som er samansett av おんな ‘kvinne’ og ‘barn’. Eit anna døme er あきら chāng ‘klår, skinande’, som er sett saman av to soler, jf. ‘sol, dag’.
  4. 假借かしゃく Jiǎjiè eller fonetiske lån eller rebusteikn, der eit teikn blir nytta for å skrive eit morfem med liknande eller identisk uttale. Teiknet らい lái er eigentleg eit piktografisk teikn med tydinga ‘kveite (korn)’, men det vert òg nytta for å skrive verbet lái ‘kome’.
  5. 形聲けいせい Xíngshēng eller semantisk‐fonetiske kompositum, som er teikn med to komponentar, ein radikal og eit fonetikum. Radikalen (også kalla klassifikator) gjev ein indikasjon om tydinga, medan fonetikumet gjev ein indikasjon om uttalen. Eit døme er verbet 唱 chàng ‘syngje’. Radikalen er くち kǒu ‘munn, opning’, som fortel noko om tydinga: ein syng med munnen. Fonetikumet er あきら chāng ‘klår, skinande’, som har ein uttale som ligg nær chàng ‘syngje’. あきら chāng ‘klår, skinande’ finst som fonetikum i ei lang rekkje teikn, til dømes også i 倡 chàng ‘leiar, førar’, med radikalen じん rén ‘menneske’, og 娼 chàng ‘prostituert’, med radikalen おんな ‘kvinne’.
  6. 轉注てんちゅう Zhuǎnzhù eller gjensidig forklårande teikn, eller teikn som blir nytta for fleire morfem med forskjellig uttale men skyld tyding. Det komplekse ideografiske teiknet たのし yuè ‘musikk’ blei òg teke i bruk for å skrive morfemet ‘glede’.

Teikntypane 1, 2, 3 og 6 er reint tydingsbaserte, medan teikntypane 4 og 5 også er lydbaserte. Noko over 90% av alle kinesiske skriftteikn høyrer til type 5, semantisk‐fonetiske kompositum. Semantisk-fonetiske kompositum – eller nærskylde prinsipp – er òg kjende frå andre skriftsystem, som sumerisk kileskrift, egyptiske hieroglyfar og mayahieroglyfar.

Tabellen viser døme på piktografiske teikn, i eldre og moderne form. Når det ikkje er nokon skilnad på moderne tradisjonelle og moderne forenkla, er teikna berre tekne med i kolonnen for tradisjonelle.

Arkaiske Seglskrift Moderne tradisjonelle Moderne forenkla Uttale Tyding
ひと rén menneske
おんな kvinne
barn
sol; dag
つき yuè måne; månad
やま shān fjell
かわ chuān elv
みず shuǐ vatn
あめ regn
たけ zhú bambus
tre
うま hest
とり niǎo fugl
かめ guī skjelpadde
りゅう lóng drake
  1. いち 丨 丶 丿 おつ
  2. じんいれ はち 冂 冖 冫 几 凵 がたな りょく 勹 匕 匚 匸 じゅう ぼく 卩 厂 厶 また
  3. くち 夂 夊 ゆう だい おんな すん しょうしかばねやまこう おのれ はば 幺 广 廴 廾 弋 ゆみ 彐 彡 彳
  4. こころ ほこ しゅ ささえぶん きん かたがつ かけ とめ 歹 殳 毋 もう すい つま ちち 爻 爿 へん きば うし けん
  5. げん だま ふり かわら あま なま よう 疋 疒 癶 しろ がわ さら ほこ せき しめせ 禸 禾 あな りつ
  6. たけ まい いと かんひつじ ろう 而 耒 みみにく しん いたり うす した ます ふね うしとら しょく そうこうちゅう ぎょう ころも
  7. かく げん たに まめ いのこかい あか はし あし しゃ からし たつ 辵 邑 とりさと
  8. かね ちょう もん 阜 隶 ふるとり あお
  9. めん かわにら おん ぺーじ ふう しょく くび
  10. うま こつ だか 髟 鬥 鬯 鬲 おに
  11. さかな とり鹿しか むぎ あさ
  12. きび くろ
  13. かなえ ねずみ
  14. はな ひとし
  15. りゅう ひさし
  1. Jamfør til dømes The Blackwell Encyclopedia of Writing Systems av Florian Coulmas.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hanzi