(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Kaftan – Wikipedia Hopp til innhald

Kaftan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marokkansk kaftan

Kaftan (av farsi خفتان, khaftân) er ein fotsid frakk eller kjortel med vide erme. Kaftan vert brukt som overplagg for menn og er tradisjonelt boren i Tyrkia, Midtausten og Sentral-Asia.

Fargefotografi som viser ein jødisk lærar og elevane hans i Samarkand i Det russiske keisarriket omkring 1910. Alle ber tradisjonelle kaftanar (jomah/джома/ג'ומא), samt kalottar eller huer med pelskant.

Kaftanar kan vere heile framme eller utstyrde med opning og knappar. Det er ingen reglar for val av stoff eller fargar, og plagga kan vere rikt dekorerte og også fôra med pelsverk. Plagget har vore vanleg blant tyrkarar, mongolar, tartarar og ortodokse jødar, til dømes i Russland og Polen. Kaftanar av ulike typar har også vorte borne i Syria, Egypt og India.

Ordet kofte, som på norsk i dag særleg vert brukt om strikkejakker, bunadsfrakkar eller sametrøyer, kan stamme frå ordet kaftan.[1] I Sverige og andre stader har lange prestekjolar med vide erme vorte kalla kaftanar.[2] Nemninga vert også brukt om andre plagg med liknande snitt, til dømes den vietnamesiske kvinnekjolen ao-dai.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Oppslagsordet «Kofte» i Ordbog over det danske sprog.
  2. Oppslagsordet «Kaftan» i Svenka Akademiens Ordbok (svensk bruk og etymologi).