Boris Johnson
Treng oppdatering |
Boris Johnson | |||
| |||
Fødd | 19. juni 1964 (60 år) New York by | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | USA, Storbritannia | ||
Parti | Det konservative partiet i Storbritannia | ||
Yrke | journalist, politikar, redaktør, skribent, essayist, bloggar, historikar | ||
Utdanna ved | Eton College Balliol College Ashdown House School Ecole européenne Bruxelles I | ||
Mor | Charlotte Johnson Wahl | ||
Far | Stanley Johnson | ||
Ektefelle | Allegra Mostyn-Owen, Marina Wheeler, Carrie Johnson | ||
Sambuar | Carrie Johnson | ||
Barn | Milo Arthur Johnson, Cassia Peaches Johnson, Theodore Apollo Johnson, Lara Lettice Johnson, Stephanie Macintyre Johnson, Wilfred Lawrie Nicholas Johnson, Romy Iris Charlotte Johnson, Frank Alfred Odysseus Johnson | ||
Medlem | Bullingdon Club Beefsteak Club | ||
Alle verv |
|
Boris Johnson (fødd 19. juni 1964) er ein britisk konservativ politikar, journalist og redaktør. Han var statsminister i Storbritannia frå 24. juli 2019 til 6. september 2022. Han blei vald inn i det britiske parlamentet i 2001, og som borgarmeister av London i 2008. Johnson har også vore skribent i fleire britiske aviser, og var ei tid redaktør for det konservative politiske magasinet Spectator. Johnson er kjend i britisk presse for ei eksentrisk framferd prega av humor og flauser.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Alexander Boris de Pfeffel Johnson blei fødd i New York som eldste son av Stanley Johnson, tidlegare konservativt europaparlamentsmedlem og tilsett ved Europakommisjonen og Verdsbanken, og den første kona hans, målaren Charlotte Johnson Wahl. Boris Johnson har ein blanda familiebakgrunn og har kalla seg sjølv ein «einmanns smeltedigel», ettersom oldeforeldregenerasjonen hans inneheld både jødar, kristne og muslimar.[1] Éin oldefar var den tyrkiske minsteren Ali Kemal Bey, som blei drepen under den tyrkiske frigjeringskrigen.
Johnson var stipendelev ved Eton og studerte ved Balliol College i Oxford. Han skreiv for avisene Times, The Wolverhampton Express og Star før han blei tilsett av The Daily Telegraph, der han mellom anna blei assisterande redaktør. Frå 1994 til 1995 skreiv han politiske kommentarar for The Spectator, som han blei redaktør for i 1999, ei stilling han gav opp då han blei skuggeminister for høgare utdanning i 2005.
Johnson er medlem av parlamentet for Henley i Oxfordshire. Han var offisiell opposisjonstalsmann (front-bench spokesman) som skuggeminister for høgare utdanning fram til han kunngjorde planane sine om å bli borgarmeister for London i juli 2007.
Boris har også vore gjest og gjesteprogramleiar fleire gonger i Have I Got News for You, det britiske opphavet til Nytt på nytt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- About Boris i boris-johnson.com
- Denne artikkelen bygger på «Boris Johnson» frå Wikipedia på bokmål, og «Boris Johnson» frå Wikipedia på engelsk den 16. mai 2008.
- ↑ The Guardian: Phooey! One-man melting pot ready to take on King Newt (17. juli 2007)