Logos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logos med greske bokstavar

Logos (gresk for ‘meining, fornuft’ eller ‘ord’), er eit omgrep frå gresk filosofi[1] og kristen tenking og er eit viktig ord i mange moderne, vitskaplege samanhengar, som i suffikset -logi (biologi, sosiologi, teologi o.l.) i tydinga den rasjonelle læra om noko. Nokre gamle nemningar som teologi endrar i vitskapleg tidsalder meining frå å tyde ‘læra om Gud’, til å tyde ‘lære om trua på Gud’ (av di det berre er mennskelege uttrykk for tru ein kan forske på, ikkje Gud sjølv).[treng kjelde]

Logos-omgrepet vert først tilskrive filosofen Heraklit, som seinare gav det vidare til Platon og stoikarane. Gjennom møtet med jødisk tenking vart logos-omgrepet avgjerande for utforminga av eit kriste gudsbilete. [treng kjelde]

Retorikk[endre | endre wikiteksten]

I klassisk retorikk «logos» ei avgrensa og teknisk tyding, som eit av tre middel til overtaling. Dei to andre midla er kjensle (patos) og karakter (etos). Denne tredelinga stammar frå Aristoteles sitt verk Retorikken. Logos i denne samanhengen tyder argument.[1]

Kristendom[endre | endre wikiteksten]

Logosofien kom til å påverke kristendomen sterkt dei første fire-fem hundreåra og uttrykkjer det guddommelege ved Jesus. Islamsk tru har si eiga tolking av Jesus som Logos.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «logos» i Store norske leksikon, snl.no. Fri artikkel.
Spire Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.