Eindride kom for alvor med i rikspolitikken i 1405, då den unge kong Erik etter instruks frå dronning Margrete fjerna den aldrande Amund Berdorsson Bolt frå høvedsmannsstillinga på Akershus og sette Eindride inn i staden. På den tid var Eindride i aktiv kongsteneste med stilling som kjøkemeister, eit embete som var knytt til hoffet med oppgåver for kongen personleg. Hofftenesta kan ha vore ei opplæringstid, og dronninga må ha funne han vel skikka til å ta over den viktige kommandant- og høvedsmannsstillinga.
Tida på Akershus vart kort, siste gong han er omtala som høvedsmann her var i 1408. Det vil ikkje seie at han kom i miskreditt eller fall i unåde; dei mange sentrale omboda han hadde i Eriks kongstid, tyder på det motsette. Den lengste tida sat han som høvedsmann på Tønsberghus, truleg frå han sa frå seg Akershus og livet igjennom (omtala i 1411, 1419, 1422, 1427 og 1438). I åra 1412 og 1427 er han dessutan nemnd som høvedsmann og fehirde i Bergen, og i tillegg hadde han sysler på Sunnmøre (omtala 1400 og 1421), på Agder (1425, 1427 og 1429) og i Ryfylke (1419, 1423 og 1440).
Historikaren Lars Hamre omtalar herr Eindrides «kystrike», og det var innanfor dette maktområdet han hadde setegarden sin og tyngda av jordeigedomen. Han hadde dessutan slektstilknyting til Ryfylke. Som ombodsmann der nytta han væpnaren Samson Filippusson, som kan ha høyrt til ei grein av Losna-ætta. Samson budde på Øye i Hjelmeland, der han døydde i 1451, og han var medlem av riksrådet.
Ættetilknytinga og dei sterke økonomiske interessene kan ha vore medverkande til at Eindride fekk maktområdet sitt drege vestover. Han vart også nytta i diplomatiske ærend, såleis i 1415, då kong Erik sende han og oslobispen Jakob til svogeren sin, kong Henrik 5. i England, for å påklaga at engelskmenn dreiv ulovleg handel og fiske på og ved Island. Det tok tid å få løyst problema, og nokre år seinare, i 1431, vart Eindride saman med andre rådsherrar teken til fange av engelske sjørøvarar då dei var på veg til rådsmøte i København.
Det «kystriket» Eindride Erlendsson fekk styringsansvaret for, illustrerer på ein slåande måte den administrative oppløysinga etter svartedauden. Sjølv oppheldt Eindride seg det meste av tida i Tønsberg, syslene sine styrde han med hjelp av ombodsmenn, og det kan berre ha vore for kortare tider han vart kalla inn til Bergen («gjesteroller» kallar Absalon Taranger det). Kong Erik la vekt på å få trugne medarbeidarar inn på dei kongelege slotta, særleg i det austlege Noreg. Han sette danske menn inn på Båhus og Akershus; Eindride var den einaste norske, og han hadde kongen full tiltru til.
I 1424 klaga allmugen i Tønsberg len over auka skattetrykk. Klagemåla var retta mot futen, men vi må tru at Eindride som lensherre hadde godkjent pålegga, som mellom anna galdt ein ny skatt etter dansk mønster (hestelaup eller hestegang). Klagene førde ikkje til strid slik det skjedde om lag på same tid på andre sida av Oslofjorden, i Rakkestad, der tyskaren Herman Molteke vart skyteskive. Det var futestyret til kong Erik bøndene klaga på, og reaksjonane var retta mot det dei opplevde som brot på gammal sedvane og «St. Olavs lov». Kanskje greidde herr Eindride å roe gemytta.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.