Haugesunds Avis er ei regionavis som kjem ut i Haugesund. Avisa blei grunnlagd i 1895 og er eigd av Amedia. Haugesunds Avis dekker Haugalandet, Sunnhordland og Hardanger. Avisa har like til mars 2024 vore dagsavis og kome ut alle kvardagar på papir, men frå 11. mars 2024 vert avisa utgitt i papirformat tre dagar i veka.
Haugesunds Avis
Faktaboks
- Offisielt namn
- MEDIEHUSET HAUGESUNDS AVIS AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Haugesund
- Stifta
- 29.03.1912
- Dagleg leiar
- Einar Tho (ansvarlig redaktør)
- Styreleiar
- Ole Morten Ringdal
Digitalt
Haugesund Avis tilbaud nettavis i januar 2000, og publiserer på fleire digitale flater. Avisa har mellom anna fleire podkastar. Haugesunds Avis registrerte i gjennomsnitt 53 133 daglege lesarar på papir og nett i 2023 (fjerde kvartal), ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
Haugesunds Avis blei grunnlagt i 1895 av Bernt Seland, som forlét avisa i 1912. Avisa vart gitt ut som dagsavis frå 1912. Haugesunds Avis var tradisjonelt ei venstreavis. Deretter mobiliserte venstrefolk i byen og samla nok kapital til å overta, og Knut Markhus blei den første redaktøren etter Seland. I løpet av kort tid kom det på plass to setjemaskinar og ei rotasjonspresse. Rotasjonspressa vart eit historisk skilje då ho blei teken i bruk 6. februar 1915, som vart markert med eit spesialnummer på 24 sider, tettpakka med stoff og annonsar. Haugesunds Avis var dermed for ei kort tid den mest moderne utstyrte avisa på Vestlandet.
Åra som følgde blei nokså turbulente med stadig utskifting av redaktørar. I 1921 blei Einar Osland redaktør, som fekk med kollegaene Einar Aamot og Ragnvald Øygard. Dei var alle tre tilsette i Drammens Dagblad fram til 1920. Osland var redaktør til han døydde i 1955, blei etterfølgd av Aamot, som døydde i 1959, og deretter Øygard, som sat som redaktør til 1968. Dette året passerte elles nettoopplaget til avisa 20 000, og talet på tilsette passerte hundre.
Konkurranse
Haugesunds Avis følgde Det Nye Folkepartiet etter partisplittinga i 1972. I 1973 var den siste lokale konkurrenten, Haugesunds Dagblad, lagt ned, og Haugesunds Avis blei dermed einerådande. Året etter kunne avisa markere innflytting i eit nybygg med ei ny og større rotasjonspresse. Berre ti år etterpå blei det ny flyttesjau, til eit moderne avishus, med nok ei ny rotasjonspresse.
Fjernsyn og radio
Haugesunds Avis dreiv kabel-TV i 1982–1986 og nærradio (Radio 102) frå 1985. Avisa gjekk godt og blei attraktiv for oppkjøp. Dagbladet var først ute, og sikra seg i 1989 44 prosent av aksjane. To år etterpå blei Orkla Media eineeigar (skifta namn til Edda Media då dette selskapet i 2006 blei selt til det britiske selskapet Mecom). Etter fusjonen mellom Edda Media og A-pressa i 2012 er Haugesunds Avis ein del av Amedia.
Hausten 2003 gjekk avisa over til tabloidformat, og året etter blei ho morgonavis, samtidig som ein gjekk i gang med eige laurdagsmagasin. Det er mellom anna også etablert nettavis og ei eiga vekeavis for Karmøy.
Kjerneområdet
Haugesunds Avis fungerer i dag som regionavis for eit område som omfattar Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger. Harde resultatkrav og kraftige nedbemanningar i dei seinare åra har likevel ført til at avisa konsentrerer seg sterkare om kjerneområdet Haugesund, Karmøy og Tysvær.
Opplag
Opplagstall for Haugesunds Avis, 1986-2023
1986 | 34463 |
---|---|
1988 | 35309 |
1990 | 36187 |
1991 | 35934 |
1992 | 36309 |
1993 | 36586 |
1994 | 36730 |
1995 | 37082 |
1996 | 37630 |
1997 | 38199 |
1998 | 38485 |
1999 | 38307 |
2000 | 37933 |
2001 | 37167 |
2002 | 33231 |
2003 | 34811 |
2004 | 34106 |
2005 | 33919 |
2006 | 33448 |
2007 | 33013 |
2008 | 31907 |
2009 | 29907 |
2010 | 29254 |
2011 | 27834 |
2012 | 26152 |
2013 | 24073 |
2014 | 22797 |
2015 | 20676 |
2016 | 19713 |
2017 | 19612 |
2018 | 20697 |
2019 | 21177 |
2020 | 21726 |
2021 | 21377 |
2022 | 21187 |
2023 | 20867 |
År | Opplag |
---|---|
1920 | 7 000 |
1950 | 12 555 |
1960 | 15 799 |
1969 | 22 332 |
1973 | 27 041 |
1983 | 33 294 |
1997 | 38 199 |
2008 | 31 907 |
2015 | 19 079 |
2020 | 21 726 |
2021 | 21 377 |
2022 | 21 187 |
2023 | 20 867 |
Frå 2020 vert det nytta netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterar til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
- Fyrste nr. 3.12.1895, fyrste redaktør: Bernt Seland.
- Førebels siste nr. 31.12.1942, fyrste nr. etter krigen 1.9.1945.
- Haugesunds Avis og Haugesunds Dagblad kom ut som fellesavis 4.1.1943–30.8.1945.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.